MENY

Ny møteplass skal styrka realfaga

Universitetet i Stavanger, dei vidaregåande skulane og næringslivet i Rogaland går saman om å styrka realfag og teknologi. I dag blei den første møteplassen for kompetanseutvikling opna.

Heile 65 deltakarar frå industrien, universitetet og vidaregåande skule møttes på UiS i ettermiddag. Ideen bak møteplassen er å lære meir om kvarandre for å styrke samarbeid og kompetanse. Lærarar i skulen kan ha godt av å vite meir om kva som ventar elevane i realfag når dei blir studentar.
Motsett er det nyttig for UiS å kjenne til kva slags kunnskap ungdommen har når dei tropper opp til første semester på eit bachelor-studium. Næringslivet, som treng stadig fleire tilsette med realfagkompetanse, er ikkje minst opptekne av å formidla kva slags behov dei har. Hyppige møter vil vonleg føra til betre undervisning og eit fruktbart samarbeid mellom dei ulike instansane.

Økt forståing
– Det er veldig viktig å få næringsliv, vidaregåande skule og universitet saman. Eg trur dette prosjektet er det første i sitt slag i Noreg, seier John Grønli.
I tillegg til å vera laboratorieleiar ved Institutt for konstruksjonsteknikk og materialteknologi på UiS, er han tillitsvald for NITO og styremedlem i Teknologiforum Rogaland. Grønli er særs glad for at representantar for dei tre arenaene skal koma saman med jamne mellomrom.
– Dette vil skapa større forståing for einannan si verd og kva slags rammevilkår me har. No skal me slutta å tru om kvarandre – me skal veta, seier Grønli.

Tre ledd i kjede
Det er meininga å arrangera to til tre slike møter kvart semester. I dag sto fleire emne på dagsorden. Grethe Marie Mahan, avdelingsleiar ved St. Olav vidaregåande skule, held føredrag om nauda for samarbeid. Prodekan for forsking ved Teknisk-naturvitskapleg fakultet på UiS, John Håkon Husøy, tala om utviklinga i realfaga – for å nemne et par av foredragshaldarane.
Dette første møtet vart opna av Tor Espedal, styreleiar i Teknologiforum Rogaland. Han såg på vidaregåande skule, universitet og næringsliv som tre ledd i ei kjede.
– Den vidaregåande skulen er viktig, for der vert grunnlaget lagd. Skulen er også viktig for motivasjonen til å studera vidare, som er neste ledd i kjeda. Til sist har vi den kontinuerlege utdanninga som går føre seg i næringslivet. I dag er det avstand mellom desse ledda. Vi treng tettare relasjonar mellom vidaregåande skule, næringsliv og universitetet. Vår haldning er at vi skal få til auka kompetanse i alle ledd av kjeda, sa Espedal.