MENY

Ny professor i boring

Kjell Kåre Fjelde (39) er tilsett som professor i boring ved Institutt for petroleumsteknologi på Universitetet i Stavanger.

Fjelde har ei doktorgrad i numeriske metodar for fleirfasestrøm frå Universitetet i Bergen. Han arbeidde først som forskar på bergenskontoret til International Research Institute of Stavanger (IRIS). I perioden 2005-2008 var han del av i risikogruppa til IRIS i Stavanger. Ein kort periode var han også forskingssjef ved forskingsinstituttet.

Dei to siste åra har Kjell Kåre Fjelde hatt ei lærarstilling ved Stavanger Offshore Tekniske Skole (SOTS) i Stavanger. Han har samtidig helde forelesingar for petroleumsstudentar på Universitetet i Stavanger.

No skal han via seg heilt til høgare utdanning. Frå 1. august 2010 er han professor ved Institutt for petroleumsteknologi UiS.