MENY

Nye løsninger for helsesektoren

Noreg må satse på omsorgsteknologi og få fleire til å ta helseutdanning. For å kunne møte behovet for helsetenester i framtida trengs det kunnskap og kompetanse. I temadelen for denne utgåva av Univers tek vi for oss utfordringane i helsesektoren og kva løysingar som finst.

Les pdf-utgåva av Univers nr. 2 - 2011

Behovet for omsorgshender som kan pleie morgondagens pasientar er enormt. For å møte utfordringane må det satsast på utdanning og forsking. Ved UiS kan studentar ta heile løpet frå bachelor til ph.d.-utdanning innan helsefag. UiS kan dermed både levere kandidatar til helsesektoren og kompetente lærekrefter og forskarar innan helsefag.

I Univers kan du lese om UiS-forskar Sissel E. Husebø som utforskar simulering som pedagogisk metode i sjukepleiarutdanninga.

Les også kronikken av Dagfinn Wåge (Altibox) og Chunming Rong (UiS) om korleis ny teknologi kan gje dei eldre ein tryggare og betre kvardag.

Dei evnerike barna
Kvar klasse har ein eller to elevar med heilt spesielle eigenskapar. Forskar Ella Cosmovici Idsøe ved UiS meiner at Noreg må bli flinkare til å gje desse evnerike barna betre undervising og oppfølging i skulen slik at dei ikkje blir skoletrøytte og utviklar åtferdsvanskar.

I Univers kan du lese meir om dei evnerike barna og kva råd Cosmovici Idsøe gjev lærarane.

Vitskapleg matoppleving
Fleire og fleire tek seg råd til å betale for ekstraordinære måltidsopplevingar. Når etterspurnaden etter slikt aukar, aukar også forsking og produktutvikling på området.

Måltidets hus i Stavanger – eit senter for såkalla industriell gastronomi – har saman med blant anna Tine forskingsavdeling og UiS gjennomført det første sansebaserte måltidet og forska på forbrukarane sine opplevingar.

Univers var middagsgjest.

Ny vri på arkeologi
Arkeologane ved Arkeologisk museum ved UiS interesserer seg for restavfall og det uperfekte. Kvifor? Dei leiter etter spor etter barn. Arkeolog Sigrid Alræk Dugstad fann ei ubrukeleg flintøks i ein haug med avfallsmateriale. Øksa er truleg laga av eit barn.

Dugstad og Grethe Lillehammer er meir opptekne av barn i fortida enn av innvandringsruter og busetjingsmønster som tradisjonelt har vorte vektlagt innan arkeologi. Dei er såleis med på å utfordre den arkeologiske tenkemåten.

Kva tåler korallane?
Det er ikkje alle som veit at det langs Norskekysten finst nokre av verdas største kaldtvannskorallar. I dag tillet politikarane prøveboring i verna område med korallrev utan at ein med sikkerheit veit kva den verneverdige organismen faktisk tåler.

IRIS skal saman med Havforskingsinstituttet i Bergen finne meir ut om tålegrensene til korallane.

Nyskapingsstudentar
At UiS har mange nyskapande studentar, kan du lese om i dette nummer av Univers. Bachelorstudentane Magne Stokke Dale og Kristine Valheim sikra seg ein plass i den nasjonale finalen av årets Venture Cup med nokre revolusjonerande, sunne drops.

Nokre andre kloke bachelor-hjernar har designa og laga ein moderne jukeboks der du kan kople deg på med mobiltelefon og velje kva låt som skal spelast. Terje Knutsen, Stein Arild Høiland og Kristian Hellang har laga ein applikasjon som egnar seg like bra i butikk og på kafé som på fest. *

I tillegg forskar bachelorstudentane Kristian Wærnes og Sindre Aarsland på ein heilt ny type ventil som bidreg til meir effektiv oljeutvinning samanlikna med den tradisjonelle ventilen.