MENY

Nysgjerrige utvekslingsstudentar til UiS

56 nye utvekslingsstudentar frå 16 land startar denne veka opp med studie ved Universitetet i Stavanger. Antallet internasjonale studentar ved UiS aukar for kvart år.

Dei internasjonale studentane ved UiS representerer no 46 land. I haust byrja rundt 160 internasjonale studentar ved UiS. 110 starta då som fulltidsstudentar i hovudsak på masternivå medan dei resterande byrja som utvekslingsstudentar.

Dei nye utvekslingsstudentane kjem frå Austerrike, Belgia, Tsjekkia, Danmark, Finland, Frankrike, Tyskland, Irland, Latvia, Russland, England, Sverige, Sveis, USA, Spania og Ungarn.

Studentane kjem til UiS for å studere Comparative Education, hotellleing, sjukepleie, sosialt arbeid, ingeniørfag og lesevitskap.

Frå Finland og Spania
Meeri Frondelius og Anna-Liisa Puranen frå Finland gler seg til å studere økonomi og pedagogikk ved UiS.

- Det var lett å velje kor vi skulle dra. Noreg har alltid fascinert oss og i Stavanger er det spennande studie, seier Puranen.

Fleire av dei nye studentane kjem frå Spania. Cristina Rodrigues Parada er i Stavanger for å bli lærar i musikkfag.

- Fasilitetene er gode her på UiS og folk er hjelpsomme. Vi gler oss til å studere her, seier ho, og får støtte frå dei andre spanske studentane som fortel at dei er nysgjerrige på Stavanger som studiestad.

Guida tur og båttur
Den første veka ved UiS får dei internasjonale studentane ei orientering om tilboda ved universitetet og Stavanger-regionen og praktisk informasjon om buss, bank, It`s Learning og studentweb, og dei blir introdusert til foreiningar og velferdstilbod.

Veka avsluttast så med eit sosialt opplegg der guida tur i Stavanger og båttur til Lysefjorden står på programmet. 
 

Les meir om Orientation Week for internasjonale studentar ved UiS