MENY

Nytt æresmedlem i Norsk Kjemisk Selskap

Tor Hemmingsen blei 10. mai utnemnd til æresmedlem av Norsk Kjemisk Selskap.

Instituttleiar Tor Henning Hemmingsen Instituttleiar Tor Henning Hemmingsen

Tor Henning Hemmingsen er til dagleg leiar for Institutt for maskin, bygg og materialteknologi. Hemmingsen er no nummer 38 i rekka av æresmedlemmar i Norsk Kjemisk Selskap, og seier det er ei stor ære å bli heidra:  

– Prisen blei delt ut for fyrste gong i 1916 til Kristian Birkeland. Litt ekstra stas er det at eg sjølv har leda komiteen for Yara Birkelandsprisen, ein pris til ph.d.-stipendiatar som delast ut i Birkelands ånd, sidan 2012. Og no blir eg heidra med same prisen som Birkeland fekk i 1916, seier Hemmingsen.  

Heidersmannen har hatt fleire andre prestisjetunge verv innafor feltet kjemi. Frå 2010-2011 var han medlem i dei nasjonale komiteane for det internasjonale kjemiåret 2011, og han leda Rogalandskomiteen “Smaken av kjemi”. Han har vore medlem av hovudstyret i perioden 1997-2014, kor han også var visepresident frå 2002-2006 og president frå 2006-2010. Frå 2010-2014 hadde han tittelen past president. Også internasjonalt har Hemmingsen hevda seg fagleg, og i perioden 2006-2010 var han Executive Elected Committee Member i European Chemical and Molecular Sciences, kor han også var med å arrangera tre konferansar.  

Nokon av Hemmingsens hjartesaker er å inspirera elevar til å søke seg til kjemistudiar og å fremme tverrfagleg samarbeid.  

– Kjemi er ein hjørnestein i all teknologi og naturvitskap, og kombinerast ofte med andre fagdisiplinar. Derfor er godt samarbeid nødvendig for å sikre best mogleg resultat. Utfordringa ligg i å profilere kjemi i dei ulike disiplinane faget inngår i – kjemi finst over alt, sjølv om det ikkje alltid er like lett å få auge på, seier han.  

Prisen blei delt ut under Norsk Kjemisk Selskap sitt årsmøte 10. mai.