MENY

Nytt rekordår for UiS-forsking

Med 1,36 publikasjonspoeng per vitskapleg tilsett har UiS-forskarar publisert meir forsking i 2019 enn nokon gong. Av universiteta er det berre forskarar ved UiO og UiB som er meir produktive.

Instrument med gruppe forskarar i bakgrunn Forskarane ved UiS er produktive. Publiseringstala for 2019 er særs positive. Foto: UiS

Grafane for forsking ved Universitetet i Stavanger (UiS) har dei siste åra peika jamt oppover.

2019 var eit nytt år der UiS nok ein gong slo sine tidlegare rekordar. For 2019 har UiS 1298 poeng, 161 fleire enn i 2018. Det gir ei auking på 14 prosent.

UiS har levert fjorårets tal for forskingspublikasjonar til forskingsinformasjonssystemet Cristin og Database for statistikk om høgare utdanning (DBH). Nyleg vart tala offentleggjort. 

Med 1,36 publikasjonspoeng per vitskapleg tilsett har forskarane ved UiS nok ein gong overskride UiS eigne målsettingar. For andre år på rad er UiS tredje best på publisering per vitskapleg tilsett dersom vi samanliknar oss med universiteta, berre slått av UiO med 1,86 poeng og UiB med 1,49 poeng. Medan NTNU ligg på 1,26 og UMB på 1,18.

Også når det gjelder kvalitet på forskinga kjem UiS godt ut. 252 av dei totalt 1192 publikasjonane er publiserte på nivå 2. Det vil seie at 21 prosent av artiklane vert publisert i det som blir rekna for dei beste vitskaplege tidsskrifta.

– Fantastiske tal

– Dette er fantastiske tal!, seier prorektor for forsking Merete Vadla Madland.

– Det er gledeleg å merke seg at fleire dyktige fagmiljø, fordelt på alle fakultet, markerer seg. Talet på forskingsprosjekt og gjennomførte disputasar har auka dei siste åra. Dette har ført til ei stor auking i publiseringspoeng, forklarer Madland.

Ho påpeiker at UiS er i ein fin flyt når det gjelder forsking.  

– Arbeidet med å auke ekstern finansiering i 2019 gav gode resultat. Fleire fagmiljø ved UiS lukkast med å få tilslag på søknadane sine. På sikt gjev dette stadig meir publiseringspoeng og von om at grafane vil peike oppover også i framtida, seier Madland.

Aukar jamt oppover år for år

Publikasjonspoeng for UiS aukar år for år:

Publikasjonspoeng per fakultet ved UiS:

Teknisk-naturvitskapleg fak.: 682 (2019) – 577 (2018) – 575 (2017) 
Handelshøgskolen v/UiS: 83 (2019) – 85 (2018) – 61 (2018)
Helsevitskapleg fak.: 104 (2019) – 99 (2018) – 92 (2017) 
Samf. vitskapleg fak.: 126 (2019) – 89 (2018) – 96 (2017) 
Utøvande kunstfag: 6 (2019) – 3 (2018) – 2 (2017)
Utdanningsvitskap og hum.: 277 (2019) – 242 (2018) – 177 (2017) 
Arkeologisk museum: 17 (2019) – 40 (2018) – 16 (2017) 
UiS administrasjon: 5 (2019) – 2 (2018) – 1 (2017)
UiS totalt: 1298 (2019) – 1138 (2018) – 1021 (2017) 

Det samfunnsvitskaplege fakultetet har gjort eit stort byks fram. Frå 89 publikasjonspoeng i 2018 til 126 publikasjonspoeng i 2019.

– Det er ekstra gledeleg å sjå at Det samfunnsvitskaplege fakultet har bidratt til heile 42 prosent auking i publiseringspoeng samanlikna med 2018, seier Madland.

TN mest produktiv

Det teknisk-naturvitskaplege fakultet (TN) er det største fakultetet og bidreg mest til forskingsvolumet. Frå 577 publikasjonspoeng i 2018 til 682 poeng i 2019 har dei auka si innsats med 18 prosent.

Med 2,41 publikasjonspoeng per vitskapleg tilsett er forskarane ved TN-fakultetet dei mest produktive forskarane ved UiS.

Tala refererer til tal som UiS har levert det nasjonale forskingsinformasjonssystemet Cristin og Database for statistikk om høgare utdanning (DBH),

Tekst: Karen Anne Okstad

Portrett av Merete Vadla Madland

Prorektor for forskning ved UiS Merete Vadla Madland