MENY

Nytt studium: Y-veg maskin

Har du fagbrev og praksis innan maskinfag, og ønsker ingeniørkompetanse? Då kan Y-veg i maskin vere løysinga.

Studentar framføre ein stor grøn maskin. Kandidatar med fagbrev blant anna innanfor teknikk og industriell produksjon, industrimekanikar-fag, CNC-maskineringsfag, automatiseringsfag, maritime fag, flyfag og kran- og løfteoperasjonsfag kan vere kvalifisert for opptak til maskiningeniør y-veg.

Frå hausten 2018 tilbyr Universitetet i Stavanger maskiningeniør Y-veg. Programmet er tilpassa kandidatar med yrkesfagleg bakgrunn, men som manglar realfag.

Startar med matematikk og naturfag

Studiet er lagt opp for å gi ein god overgang frå arbeidslivet til studentlivet. Realfaga matematikk og naturfag er lagt til det første studieåret.

Her vil studentane få ekstra tett oppfølging for på ein best mogleg måte å lære gode og nye arbeidsvaner som universitetsstudent. Ikkje minst vil dei få hjelp til å oppnå grunnlagskompetanse for etterfølgande emna.

Etter å ha starta med realfaga er ein godt rusta til dei meir tekniske emna som kjem seinare i studieløpet.

– Etter kvart får studentane meir innslag av emne innan maskinkonstruksjon og materialteknologi. Her går studentane på y-veg saman med maskinstudentar tatt opp på ordinært opptak, seier professor Hirpa G. Lemu, som er ansvarleg for studiet.

Solid ingeniørfagleg kompetanse

Sentrale tekniske emne i programmet er produktutvikling og 3D-modellering, materialteknologi, maskinkonstruksjon, konstruksjonsmekanikk 1, termo- og fluiddynamikk, grunnkurs i elementmetodar og produksjon og tilverkingsteknikkar. 

– Dette gir studentane ein solid ingeniørfaglig kompetanse og moglegheit til å beherske bruk av relevante maskintekniske verktøy og utstyr i laboratoriet, seier han.

Kandidatar med bachelorgrad i maskin kan jobbe i mekanisk industri, prosessindustri og petroleums- og offshorenæringen, både i privat og offentlig sektor.

Les meir om maskiningeniør y-veg

Opptakskrav

Det er 10 studieplassar for Y-veg i maskin, og opptak er todelt: Anten med relevant vidaregåande yrkesfagleg utdanning med læretid i bedrift og fagprøve, eller relevant vidaregåande yrkesfagleg utdanning med fagprøve etter treårig skule og minst eit års praksis etter fagbrev.

Kandidatar med fagbrev innan blant anna teknikk og industriell produksjon, industrimekanikar-fag, CNC-maskineringsfag, automatiseringsfag, maritime fag, flyfag og kran- og løfteoperasjonsfag kan vere kvalifiserte for opptak. Anna relevant yrkesfagleg opplæring kan vurderast individuelt.

Fleire y-vegar ved UiS

Studiet skal møte ein etterspørsel ved å gi eit tilbod til kandidater med fagbrev. Tilbodet innan maskin føyer seg fint inn i rekkja av UiS sitt y-vegstilbod. Universitetet har i fleire år hatt tilbod om y-veg innan automatisering og elektronikkdesign og innan hotelleiing.

Sjå oversikten over tilbod innan y-vegen ved UiS

Tekst: Karoline Reilstad