MENY

– Nyttig med orienteringsveke

Denne veka blir 300 nye, internasjonale studentar ynskt velkomen til sin nye studentby.

Fem dagar har gått sidan studentane Andreea Catalina Vasile og Delia Schipor kom til Noreg frå Romania.
– Er Noreg slik de hadde forventa?
– Det er betre! Andre stader i Europa seier dei at nordmenn er kalde og reserverte. Eg synast dei er hjelpsame og vennlege. Då eg stod på togstasjonen i Oslo etter nettopp å ha kome til Noreg, såg eg tydelegvis ut som ein person som hadde gått seg bort. Då kom det folk bort til meg og spurde om dei skulle hjelpe meg, seier Vasile.

Saman med rundt 300 andre studentar deltek ho på Orientation Week, som er ei introduksjonsveke for internasjonale studentar. Det blir halde presentasjonar med praktisk informasjon som førebur dei på studentkvardagen i Stavanger. Orienteringsveka byr også på sosiale aktivitetar.


Informasjonsspekka og sosialt
– Orienteringsveka har til no vore veldig nyttig og til stor hjelp. Vi har fått informasjon om til dømes ID-nummer, skattekort, skatt i Noreg, opphaldstillating og om universitetet. Arrangørane legg også opp til at vi som deltek skal bli kjende med kvarandre. I går var vi på quiz-kveld på Folken. Eg var på lag med folk frå Irak, Kina, Estland, Frankrike og Finland. Det var der eg møtte Ahmed, seier Vasile og nikkar mot Ahmed Haimet, som sit ved sida av ho.

Studentane gler seg særskilt til turane som er ein del av orienteringsveka. Det blir arrangert omvisning i Stavanger sentrum og det blir tur til Preikestolen. Veka blir avslutta med ein tur til Månafossen i Gjesdal.

Joachim Kallevig, seniorkonsulent på Internasjonalt kontor, er nøgd med korleis orienteringsveka har gått til no.
– Det er viktig at både den sosiale og akademiske integreringa startar frå dag ein, og ikkje utpå hausten ein gong. Orienteringsveka skal bidra til å gje dei internasjonale studentane ein god start, seier han.