MENY

Ole Ringdal blir direktør for organisasjon og infrastruktur

Styret ved UiS har tilsett noverande universitetsdirektør Ole Ringdal (62) i den nye stillinga som direktør for organisasjon og infrastruktur.

Frå 1. august 2019 får Universitetet i Stavanger ny organisasjonsstruktur. Rektor blir øvste ansvarlege for all verksemd ved universitetet, og under han kjem tre prorektorar (undervising, forsking og innovasjon og samfunnskontakt).

I tillegg kjem den nye direktørstillinga, som skal ha ansvar for alle andre funksjonar på UiS: økonomi, HR, bygg, areal, verksemdstyring og IT. Tilsetjing av direktør blei i dag behandla som styresak ved UiS.

Dekan og direktør

Ole Ringdal har doktorgrad i biologi frå Universitetet i Bergen. Han har tidlegare jobba som biolog og forskar, og i tillegg hatt mange leiarstillingar i akademia, instituttsektoren og næringslivet.

I perioden 2005-2011 var han dekan ved avdeling for teknologiske fag ved det som den gong hette Høgskolen i Telemark.

I 2011-2013 var han dekan ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultetet på UiS, før han fekk jobben som direktør ved IRIS (no fusjonert til NORCE). Sidan 2017 har han vore universitetsdirektør ved UiS.

Glad for å fortsette

– Eg er veldig glad. No får eg jobbe vidare med dei viktige sakene eg har hatt på bordet dei siste to åra, ikkje minst omstillingar i organisasjonen og campusutvikling. Når det gjeld det siste, ser eg spesielt fram til å samarbeide med Stavanger universitetssjukehus, som skal flytte opp hit, seier Ringdal.

– Eg ser også fram til å fortsetje det viktige arbeidet med digitalisering, som kjem til å effektivisere både vitskapleg og administrativt arbeid, seier den nye direktøren.

Tekst: Leiv Gunnar Lie
Foto: Asbjørn Jensen

Ole Ringdal

Ole Ringdal