MENY

Om gotikkens idéhistorie i Forum for religion og etikk

Lars Johan Berge held foredraget "Glimt av himmel: trekk fra gotikkens idéhistorie", torsdag 4. juni kl. 13.15-15.00 i rom Ø-120 i Arne Rettedals hus.

Berge har i fleire år jobba med den gotiske arkitekturen som voks fram i Nord-Frankrike frå 1200-talet. Foredraget hans vil starte med utsida av katedralane. Deretter flytter vi oss gjennom portalen, frå det profane til det sakrale, før vi endar opp i skipet og koret med glasmåleri og lys. Berge vil ta utgangspunkt i fotografi teke under feltarbeida sine i Frankrike. Blant dei kyrkjene han vil vise oss er St. Denis og Chartres.

Lars Berge er Cand. Theol. frå Menighetsfakultetet og Dr. Art i kyrkjehistorie ved NTNU i 2000 på avhandlingsarbeidde Løs Baandene, lad kræfterne udvikles: En beskrivelse og analyse av kirkeforfatningsdebatten i Norge fra 1840- til 1859 med tanke på dens historiske og kirkelige forutsetninger. Berge har vore prest i Den norske kyrkje og tilsett ved Høgskolen i Finnmark og Høgskolen i Nord-Trøndelag. Han har skrive ei rekkje artiklar knytt til religionspedagogiske- og kyrkjehistoriske tema. Dei siste åra har han arbeidt spesielt med dei tidleg gotiske katedralane i Nord-Frankrike.