MENY

Opning av jordmorutdanning ved Universitetet i Stavanger

Måndag 12. august kunne UiS ønske dei fyrste 20 jordmorstudentane velkommen til studiestart!

  • 2019-08-12 09.24.21-1.jpg (rw_largeArt_1201).jpg
    Stolt studieprogramleder Christina Risa og Ap-politikar Kari Nessa Nordtun.
  • 2019-08-12 09.41.26.jpg (rw_largeArt_1201).jpg
    Dekan Kristin Akerjordet ønska studentane velkommen til UiS.
  • 2019-08-12 09.50.51.jpg (rw_largeArt_1201).jpg
    Henning Garsjø, klinikkdirektør ved kvinneklinikken, SUS.

Det var ein tydeleg stolt dekan ved Det helsevitskapelege fakultet som ønska dei fyrste jordmorstudentane hjarteleg velkommen til studiestart ved Universitetet i Stavanger. UiS har i samarbeid med Stavanger Universitetssjukehus (SUS) og primærhelsetenesta etablert ny masterutdanning i jordmorfag i rekordfart.

– Me har ambisjonar om at jordmorutdanninga ved UiS skal vere den mest søkte i landet, sa dekan Kristin Akerjordet. Ved årets opptak var det 221 søkarar til dei 20 studieplassane på utdanninga.

Etterlengta studietilbod

Etterspørselen etter jordmødrer aukar - både på sjukehuset og i kommunane. Grunna utfordringar med rekruttering, var avgjersla om å starte utdanning i jordmorfag ved UiS svært etterlengta i regionen.

– Dette er ein merkedag for alle kvinner i Rogaland, slik starta klinikkdirektør ved kvinneklinikken ved SUS, Henning Garsjø si helsing.

Kvinneklinikken ved SUS er den fjerde største fødeavdelinga i landet med rundt 4500 fødsler kvart år. Garsjø forsikra studentane om at SUS ville legge til rette for gode praksisperiodar og godt samarbeid i løpet av utdanninga, og oppfordra studentane til å bidra aktivt i klinikk og med forsking for å forbetre tenestene.

Siger for god kvinnehelse

Kari Nessa Nordtun, ordførarkandidat for Arbeiderpartiet i Stavanger, haldt dagens hovudtale. Ho trakk fram jordmormangelen som eit signal på at noko ikkje fungerer. Nedlegging av fødetilbod nasjonalt og kortare liggetid på sjukehus etter fødsel er aktuelle politiske tema i dagens fødselsomsorg. Det bidrar òg til større behov for jordmødrer i dei kommunale tenestene med tanke på oppfølging og heimebesøk etter fødsel.

Undersøkingar gjort av Helseatlas for fødselshjelp viser at barselkvinner i Stavanger er blant dei som får mindre oppfølging av spesialisthelsetenesta og av jordmor både før og etter fødsel, samanlikna med resten av landet. Under halvparten av nybakte mødrer i Stavanger-området får besøk av jordmor etter fødselen, sjølv om alle har rett på det.

Grunna den akutte jordmormangelen i regionen har Nordtun vore ein pådrivar for etablering av jordmorutdanning i Stavanger. Ho gleder seg difor stort over at me no kan «produsere våre eigne kortreiste jordmødrer ved UiS», og løftar dette som ein siger for god kvinnehelse i regionen.

201 år med jordmorutdanning

Noregs fyrste professor i jordmorfag, Ellen Blix ved OsloMet, tok oss kjapt gjennom den historiske utviklinga av jordmorutdanninga i Noreg. Studiets start for 201 år sidan representerte ein viktig milepæl for kvinner då dette var den fyrste utdanninga kvinner fekk tilgang til.

Blix understreka viktigskapen av forskingsbaserte tenester og oppfordra UiS rektor Klaus Mohn til å ta med jordmorutdanninga i satsinga om å ta UiS opp i elitedivisjonen (lenke til artikkel i Khrono).

Fagorganisasjonane The International Confederation of Midwives, Den norske jordmorforening og Jordmorforbundet kom også med helsingar og gratulasjonar til dei nye studentane. Musikalsk innslag var av dei syngande jordmødrene ved SUS, Aina Schøld, Trine Kristoffersen og Evy Johannessen.

Tekst og foto: Cathrine Sneberg