MENY

Opprykk til professor

Morten Tønnessen er frå og med 7. september 2018 tildelt kvalifikasjonsopprykk til professor i filosofi.

Morten Tønnessen

Tønnessen er tilsett ved Institutt for sosialfag ved UiS, og er prodekan for forsking ved Fakultet for samfunnsvitskap.

Tidleg interessert i verda rundt seg

Den nyslåtte professoren fekk tidleg fagleg interesse for verda rundt seg. Som 14-åring skreiv han eit astronomileksikon på 64 sider med 500 oppslagsord om verdsrommet, og eitt år seinare leste han sitt første statsbudsjett.

Som student var hovudfag i filosofi ved Universitetet i Oslo det første han tok fatt på.

– Eg er opptatt av verdsbiletet, korleis vi forstår verda og korleis vi bør forstå verda, seier han.

Etter kvart vaks interessa for miljøproblematikk, levande vesen og korleis menneske behandlar dyr. Innan filosofi har han mellom anna konsentrert seg om fenomenologi (studiet av fenomen) og etikk. Ein stor del av forskingsproduksjonen hans er relatert til miljøproblematikk.

– For meg er det viktig å sjå menneske og dyr i samanheng. Det handlar om å både forstå korleis dyr opplever verden og kva dyr betyr for menneske, seier han.

I 2011 fullførte han doktorgrada si i semiotikk (teiknlære) og filosofi ved Universitetet i Tartu i Estland. Sidan 2012 har han vore førsteamanuensis ved SV-fakultetet og Institutt for sosialfag.

Engasjement for menneske og dyr

Han har eit stort engasjement for gode liv, både for menneske og dyr. Då er forsking og kunnskap viktig for å dokumentere urett og gjere noko med skeivheitar.

– Kunnskap kan i mange samanhengar nyttast for å endre noko i samfunnet. Forsking og utdanning er verktøy når me slåss for det samfunnet me vil ha, seier han og viser til at instituttet hans arbeider med sårbare grupper.

Opprykket betyr at UiS nå har tre professorar i filosofi. Ifølgje Tønnessen har dei ei særstilling samanlikna med andre professorar.

– Filosofi kan kople seg på nesten alle andre fagfelt, og filosofen kan reflektere over kva for eit tema som helst, seier han.

Stort internasjonalt nettverk

Hans breie internasjonale nettverk som følgje av utanlandsk doktorgrad, og verv og aktivitet internasjonalt var viktig for professoropprykket.

Han er president i Nordisk foreining for semiotikk (Nordic Association for Semiotic Studies), og han er for tida hovudredaktør for tidsskriftet Biosemiotics, utgitt av Springer Nature.

Vidare er han medlem i Rådet for dyreetikk frå 2017, eit nasjonalt organ oppnemnt av Landbruks- og matdepartementet. Der er han med og gir råd om etiske forhold i ulike samanhengar kor menneske held dyr.

Han er og med i styringsgruppa for eit nytt NORPART-prosjekt kor UiS samarbeider med University of Havana på Cuba om studentutveksling. I 2022 skal dei arrangera ein stor konferanse om cubansk og norsk velferd.

Tekst og foto: Karoline Reilstad