MENY

Pedagog utan grenser

Elaine Munthe vil sjå heile verda frå campusen. Den amerikanskfødde dekanen vil visa studentane at Noreg ikkje er verdas navle.

Dekan Elaine Munthe

Førenamnet gir eitt hint og den umiskjennelege tonen i røysta eit anna: Elaine Munthe er av emigrantslekt. Ho òg har kjent korleis det er å vera innvandrar.

– Foreldra mine utvandra kvar for seg til USA i den emigrantbølgja som var etter den andre verdskrigen, og eg blei fødd i 1958 i ein liten by som heiter New Bedford. Tankegangen den gong var at det å læra seg to språk ville føra til språkforvirring, så eg snakka berre engelsk i USA. Norsk lærte eg først som 11-åring, då me flytta til Noreg, fortel Munthe.

Sjølv om ho budde på same staden i barndomen, skifta ho ofte skule og fekk erfara meir enn ein gong korleis det var å koma til nye miljø. Ved sida av den store fordelen med å vera tospråkleg, ser ho dette som ei kjærkomen erfaring frå barndomen i USA.

– Eg vil påstå at eg er flink til å orientera meg raskt og finna fram i nye situasjonar, seier Munthe.

– Men som innvandrar har eg også kjent kor frustrerande det kan vera å ikkje kunna gjera seg forstått.

Overgangen til Noreg gjekk likevel greitt: Slutten av 1960-talet var tida då olja var på veg til Stavanger-regionen. USA hadde høg status og i og med at engelsk var språket hennar, kunne ho briljera med det.

20 år utanfor Noreg
Elaine Munthe er professor i pedagogikk ved Universitetet i Stavanger og ny dekan ved det humanistiske fakultetet. Ho er leiar av Følgjegruppa for grunnskulelærarutdanninga, som er oppnemnd av Kunnskapsdepartementet, og frå nyttår skal ho i tillegg vera styreleiar i eit program i Forskingsrådet som har utdanningsforsking som hovudtema. Det kan ho snakka seg varm om.

Men me skal først nøsta litt meir i den raude tråden hennar. Med oppveksten i USA, ulike jobbar og fleire forskaropphald har Elaine Munthe 20 års erfaring utanfor Noreg.

– Kva var det som førte deg til Dei nederlandske Antillane i 1980?

– Det var utferdstrong og eventyrlyst! Me var nygifte og hadde lyst til å reisa ut. Mannen min fekk jobb som assistent på sjømannskyrkja i Curaçao, og eg fekk jobb på den internasjonale skulen.

Sidan fekk mannen oppdrag for Kirkens Nødhjelp i Pakistan og Laos, og Elaine Munthe arbeidde innanfor skuleverket legge stadene. Sidan det har det internasjonale blikket hatt ein naturleg plass i forskargjerninga hennar.

– Eg prøver å fortelja studentane kor viktig det er å sjå seg sjølv i ein større kontekst, at Noreg ikkje er verdas navle, og at norsk faktisk ikkje er det normale, seier Munthe.

Dette dreiar seg også om å få inn internasjonale perspektiv i universitetskvardagen på campusen.

– Ein kan til dømes ta for seg noko så prosaisk som pensumval; at ein presenterer ulike perspektiv i norskfaget til dømes ved å velja både internasjonal litteratur og internasjonal forsking.

Dialog er eit stikkord for Munthe. Som ein metode for å henta fram dei gode ideane, mellom anna for å markera stemmerettsjubileet og grunnlovsjubileet.

– Universiteta er nøkkelinstitusjonen for demokratiet. Klart me må vera med der!

Har ho ei ledig stund, er ho meir enn gjerne på Facebook. Ho likar å vera i rørsle, men er likevel opptatt av å halda på det som er stødig, som gode vener frå USA-tida tidleg på 60-talet.

Nøkkelrolla til læraren
Det skal ikkje mange sveip til på cv-en til Elaine Munthe før ein forstår at det er ein forkjærleik for læraren her. Frå forskarpennen har det drope ut artiklar, bøker, kapittel og rapportar med stikkorda lærar, elev eller skule som dei mest hyppige.

– Kva er det med deg og læraren?

– Ja, eg har jo vore lærar sjølv, smiler ho og røper at ho var innom tanken på journalistikken som yrkesretning ein gong, sidan ho likte så godt å skriva. Men altså:

– Læraren har mykje å seia for dei relasjonane som blir utvikla, og dermed moglegheita for læring. Eg er opptatt av læraren for elevane sin del, men òg av læraren for læraren sin del. I relasjonen mellom lærar og elev har læraren ei nøkkelrolle, seier Elaine Munthe, og det er her ho snakkar seg varm.

– Me har enno ikkje eit velfungerande system som tar i vare ei kontinuerleg kompetanseutvikling for utdanningssystemet. Dei fleste andre organisasjonar, som McDonald’s, Toyota og Statoil, har gjennomtenkte system for korleis dei skal sørgja for kompetanseutvikling for dei tilsette. I utdanningssystemet legg ein mykje av dette ansvaret på individet, og det ville dei færraste andre bedrifter finna på, påstår Munthe.

Japanske idear
Pedagogikkprofessoren kjem med eit eksempel frå Bømlo, der to skular har gått saman om å utvikla lærande organisasjonar, etter inspirasjon frå eit 140 år gamalt opplegg i Japan som er best kjent under det engelske namnet lesson study. Kort fortalt: Ei gruppe lærarar planlegg ein undervisningstime. Så skal ein av dei undervisa elevane medan dei andre observerer. Etterpå vurderer alle på gruppa observasjonane.

Dette har blitt eit læringsfremjande prosjekt som gir Elaine Munthe tru på at enkle idear ofte kan vera løysinga. Det dreiar seg om det som på fint heiter forskingsbasert yrkesutøving, som dei no prøver ut i lærarutdanninga òg.

– Stikkorda er langsiktig systematisk arbeid, det er ikkje noko hokus pokus, seier Munthe, som følgjer nøye med på utdanningsdebattar i andre land.

– Kvifor har læraryrket så mykje høgare status i Finland enn i Noreg?

– Svaret er enkelt: Kunnskap har høgare status. Og læraren er jo berar av kunnskap, konstaterer ho.

Men no riv me henne litt ut av lærardiskusjonen. For no er ho blitt dekan, ein av tre ved UiS, og ho skal ha eit blikk for alle innanfor det humanistiske feltet. Ho gler seg over gode søkjartal ved Institutt for musikk og dans i Bjergsted og over korleis instituttet får til å samhandla med kunst- og kulturlivet i byen.

– Den store utfordringa vår på fakultetet er heilt klart rekrutteringa. Mange av dei språkfaga som er lagde ned hos oss, kunne vore berga viss dei hadde hatt nok studentar. Fordelen til vårt fakultet er likevel at me har utdanningar som ikkje går av moten. Og viss me ikkje har råd til kulturfaga, kan me leggja inn årene, då har me ikkje råd til noko, seier Elaine Munthe. 

Portrettet er hentet fra magasinet Univers nr. 2 - 2013.  

Tekst: Elisabeth Hovland
Foto: Asbjørn Jensen