MENY

Presenterer Kielland i Europa

Måndag 18. februar blir artikkelsamlinga ”Kielland i Europa” presentert for publikum under eit arrangement i Sølvberget kulturhus i Stavanger. I boka utforskar elleve skribentar Alexander L. Kiellands forfattarskap frå ulike perspektiv.

”Kielland i Europa” er eit Stavanger2008-prosjekt som er støtta av Universitetet i Stavanger.

Artikkelsamlinga inneheld både samanliknande studie, bokhistorie, kjønnsperspektiv, biografiske tilnærmingar, nærlesingar og granskingar av forholdet mellom litteratur, ideologi og samfunn.

Redaktør for boka er Magne Drangeid, førsteamanuensis i norsk ved Institutt for allmennlærarutdanning og spesialpedagogikk ved UiS. Andre bidragsytarar frå universitetet er førsteamanuensis Benedikt Jager og amanuensis Anders M. Andersen ved Institutt for kultur og språk. Også dr. art. Charlotte E. Aske bidrar. Aske var tidlegare tilsett ved dåverande Høgskulen i Stavanger.

Benedikt Jager skriv om DDR-sensurens vurderingar av Kielland, og om bruken av borgarlege samfunnskritikarar som del av kommuniststatens legitimering gjennom konstruksjon av ein litterær "arv". Anders M. Andersen tek føre seg Kiellands språkkritikk og naturframstilling som del av ein særeigen romanpoesi. Charlotte E. Aske peiker på parallellar og kontrastar mellom satirikaren Kielland og den tyske forfattaren Theodor Fontane. Magne Drangeid tek føre seg Kiellands darwinisme, og peiker ut forfattarens tragikomiske forståing av ”det store Fællesskab i alt levende”.

Andre bidragsytarar er professor Jostein Børtnes, professor Hans-Joachim Sandberg og førsteamanuensis Christine Hamm frå Universitetet i Bergen, professor Susanne V. Knudsen frå Høgskulen i Vestfold, professor Tore Rem frå Universitetet i Oslo, stipendiat Lars August Fodstad ved NTNU og Einar O. Risa, forfattar.

Arrangementet med presentasjon av artikkelsamlinga startar klokka 18.30 og er opent for alle.

Les meir om Kielland i DDR