MENY

Den sårbare førskulealderen

Mykje av fundamentet for livslang læring er lagt lenge før barna har sin første skuledag. Fleire forskingsprosjekt ved UiS skal gje barn eit best mogleg utgangspunkt så tidleg som mogleg i barnehagen.

Skal ein gje barna eit godt utgangspunkt for læring og oppnå gode resultat i arbeidet med å førebyggje negativ åtferd, må arbeidet starte tidleg. Nasjonal og internasjonal forsking viser at effekten av tiltak er mykje større når dei blir satt inn på eit tidleg tidspunkt. Læringsmiljøsenteret ved Universitetet i Stavanger har fleire forskingsprosjekt gåande om utfordringane til dei heilt yngste barna.

Utfordrande barn
I samarbeidsprosjektet De utfordrende barna har forskarar ved Læringsmiljøsenteret ved UiS følgt barn med utagerande eller inneslutta åtferd. Barna har vore mellom fire og åtte år og slitt med relasjonar til andre barn og vaksne. Forskarane blei overraska over kor alvorleg åtferda er i tidleg alder. Dei fann at barn heilt ned i fireårsalderen systematisk stengjer andre barn ute frå leik, og slik nyttar uheldige strategiar for å få vilja si.
– Dess lengre tid det går, dess vanskelegare blir det å gjere noko med oppførselen til desse barna. I tillegg er det viktig å gjere noko med denne åtferda før den gjer stor skade hos andre barn, seier førsteamanuensis Hildegunn Fandrem.
Prosjektet har resultert i boka Barn i utfordring som kjem til hausten. Den legg fram teoriar om korleis ein arbeidar med åtferdsproblematikk og dømer frå einskildsaker. Forskarane ved UiS er klare på at effekten er større om ein byrjar med å identifisere problematisk åtferd tidleg.
– Dei som arbeidar i barnehage må få meir ressursar og meir kompetanse til å identifisere vanskar tidleg og til å handtere vanskane. Allereie i tidleg alder kan vi påverke utviklinga i positiv retning, slik at alle barn får eit godt liv, seier Pål Roland.

Barn som mobbar
Universitetslektor Tove Flack ved Læringsmiljøsenteret forskar på dei barna som mobbar. Også ho er tydeleg på at tidleg innsats er viktig for å kunne stoppe begynnande mobbeåtferd.
– Små barn som ofte tyr til slag, spark, erting, plaging og utestenging i samhandling med andre barn må barnehagepersonalet følgje ekstra godt med på. Viss ikkje åtferda blir tatt tak i, vil mange barn halde fram med
denne måten å oppføre seg på, seier Flack, som jobbar med ei doktorgrad på emnet.
– Foreldre og barnehagetilsette treng kunnskap om korleis dei skal leie desse barna i riktig retning, slik at dei får moglegheiter til å utvikle betre sosiale strategiar, seier Flack.

Utrygge barn
I forskingsprosjektet Skoleklar undersøkjer forskarar ved Læringsmiljøsenteret barn si sjølvregulering. I studien ser dei nærare på ulike typar sosiale ferdigheiter blant barn i barnehagen og kor nøye desse tinga heng saman med læring i skulen. Ei masteroppgåve tilknytt prosjektet viser at norske barn har færre relasjonar med vaksne i barnehagen enn barn i andre land. Norske barn som er fem og eit halvt år gamle er på same sosiale nivå som to år yngre amerikanske barn når
det gjeld samhandling og kommunikasjon med vaksne.
– For at barn skal kunne nytte seg av dei vaksne i barnehagen, må dei vaksne gjere seg tilgjengelege for kvardagssamtalar og trøyst.
Samspelet med vaksne er mellom anna viktig for språkutvikling, seier professor Ingunn Størksen.
At barn har gode relasjonar til ein omsorgsperson, er avgjerande for emosjonell tryggleik. Og trygge barn har lettare for å gå inn i gunstige relasjonar seinare i livet.
– Alle barn har behov for trygge og omsorgsfulle vaksne, som kan trøyste, fremje sosial kompetanse og stimulere språk og
læring, konstaterer Størksen.

Ukonsentrerte barn
I Skoleklar-prosjektet er UiS-forskarane også opptekne av om barna klarer å konsentrere seg på eige initiativ.
– For å kunne følgje med i undervisninga på skulen må ein nytte merksemd, minne og evna til å stengje ute distraksjonar. Det er det vi kallar sjølvregulering. At dette er viktig for barna si utvikling, er godt dokumentert i andre land, og no vil vi sjå om dette også er tilfelle i Noreg. Om vi finn dette, vil vi sjå på moglege tiltak for å styrkje denne sjølvreguleringa hos barn før dei byrjar på skulen, seier Størksen.
I studien finn dei nemlig store skilnader i sjølvregulering blant femåringar. Noko som kan få konsekvensar når barna skal byrje i same klasse.

Evnerike barn
I Skoleklar-prosjektet blir også barn med høgt akademisk potensiale kartlagt. Om lag ti prosent av barna som er med i prosjektet, skårar så høgt på språk- og matematikkoppgåver at dei no skal bli testa meir på intelligens og kreativitet. Førsteamanuensis Ella Idsøe er oppteken av at evnerike barn får oppgåver som passar deira nivå.
– Poenget med å kartleggje evnerike barn tidleg er ikkje å stigmatisere barna eller forstyrre dei i leiken, men å finne ut kva dei treng, og korleis barnehagen og skulen kan stimulere dei betre. Dess tidlegare dette blir gjort, dess lettare er det å førebyggje seinare problem for desse barna, seier ho.
– Evnerike barn lærer ofte tidleg å snakke, og viss dei ikkje då får tilpassa oppgåver til sitt nivå, kan dei risikere å miste lysta til å lære, seier Idsøe.

Språkføre barn
I Stavangerprosjektet studerer forskarar ved Lesesenteret og Læringsmiljøsenteret barn si utvikling frå barna er to og eitt halvt år til dei er ti år. Forskinga viser at det er ein nær samanheng mellom språkleg og sosial meistring hos barna.
– Viss vi kan hjelpe barn til å få eit godt fungerande språk når dei er små, blir dei tryggare, meistrar meir og får betre sjølvtillit. Barn som utviklar seg dårleg reint språkleg, kan ofte reagere med frustrasjon. Dei blir lettare isolert, slit med å få vener og kan få sosiale vanskar på skulen, seier Inger Kristine Løge.

Saka er henta frå UniverS 1,2013. Heile magsinet kan du lese her.