MENY

Rektors tale på årsfesten 2019

Her kan du lese talen som rektor Klaus Mohn heldt på 15-årsmarkeringa for Universitetet i Stavanger tirsdag 29. september 2019.

Klaus Mohn på scenen Eit mål for UiS-rektor Klaus Mohn er å legge til rette for eit enno meir ope universitet. Foto: Mari Løvås

Kjære alle saman!

«Vi er kommet hit til Stavanger i dag for å kunngjøre en nyhet av nasjonale dimensjoner og med store ringvirkninger både lokalt og regionalt. I dette øyeblikk blir det nemlig vedtatt i Statsråd på Slottet at Høgskolen i Stavanger fra nyttår får status som universitet, og navnet blir Universitetet i Stavanger.»

Det sa statsminister Kjell Magne Bondevik på ein pressekonferanse med 1000 frammøtte for 15 år sidan i dag. Det er dette me har feira kvart år sidan. Gratulerer med dagen alle saman!

Universitetsstemplet handlar kanskje aller mest om kvalitet. Då me slapp gjennom nålauget var det etter ein lang og medviten innsats for å heve kvaliteten på alt me dreiv på med. Me våga å ha ambisjonar. Og me lykkast med  eit glitrande regionssamarbeid. Resultatet blei at me endra historia og blei det første universitetet som vart etablert på grunnlag av faglege kvalifikasjonar. Dette har me grunn til å være stolt av fortsatt i dag.

Men samstundes må me stadig sjå framover. Og framtida for Universitetet i Stavanger ligg i hendene på dei unge. Dei unge ligg ofte tettast på forskingsfronten. Dei unge er dei som vågar å tenke nytt. Og dei unge er dei som kanskje arbeider hardast av oss alle. I dag vil eg difor gje honnør til og gratulere alle våre doktorandar.   

I would particularly like to congratulate our doctors.

Today we celebrate that 62 candidates have completed their doctorates since last year's annual celebration. 43 of the doctors are present here today. I congratulate you on having obtained the highest academic degree at the university.

In your thesis, many of you have addressed some of the major global challenges we face today – including the United Nations sustainable development goals. Each dissertation helps to build knowledge, skills and improved practices to enable a better and more sustainable future for all.

Eit mål for meg har vore å legge til rette for eit enno meir ope universitet. Eit universitet som ikkje er redd for å vise seg. Eit universitet som samarbeider aktivt med arbeids- og næringslivet. Eit universitet som fangar opp og responderer på utviklingstrekk og utfordringar i samfunnet rundt oss. Forklaringa er at eg er overtydd om at openheit er ei kjelde til stadig forbetring.

For det er framleis slik at me søkjer kvalitet i alt me gjer. I motsett fall bukkar me under i den harde konkurransen om studentar og tilsette. Difor gler eg meg over den løfterike utviklinga på forskingssida, der UiS no er tredje best i landet på forskingspublisering per tilsett.

UiS satsar hardt på forsking. Blant anna i samarbeid med Universitetsfondet gjennom vårt mangeårige toppforskingsprogram med ekstra midlar til våre beste forskarar under 45 år. Målet er å stimulere unge talentfulle forskarar og byggje opp forskingsmiljø rundt dei.

Krisztian Balog er ein av våre unge framstormande professorar som har fått toppforskingsmidlar. Han forskar på kunstig intelligens og intelligente søkemaskinar. Han er sentral når det gjeld å byggje opp eit sterkt fagmiljø på dette. Det er kjekt å ha slike spydspissar som han med på laget vårt.

To andre unge forskarar som har utmerkt seg, er Marte Solheim og Jørgen Bølstad. Tidlegare i haust vart dei valde ut som medlemmar i det prestisjefylte Akademiet for yngre forskarar. Me er stolte over at desse to kom inn på denne gjeve arenaen for nyskapande forskingsformidling og vitskapleg debatt. Dei er med på å synleggjere UiS på ein framifrå måte.

Me er historisk gode på omstilling i denne regionen. Naturressursar frå havet har vore viktige for oss. Sildefiske, brisling og hermetikkindustri – oppturar og nedturar. Den eine industrien har veksla med den andre. Me har alltid klart oss. No er det gass- og oljeindustrien sin nedtur me står overfor. Me må omstilla oss på nytt.  
UiS responderer på denne utfordringa. Me er klar for omstilling.

Ein av dei som ser moglegheiter i havet er Muk Chen Ong. Han publiserer forsking på høgt nivå og leiar arbeidet med å byggje opp eit havforskingsmiljø. Fleire av doktorandane har levert avhandlingar knytt til marine konstruksjonar. Kompetanse som trengst for å byggje vindturbinar til havs. UiS er klar for eit nytt haveventyr.

At mykje av forskinga vår held topp klasse og blir gjort i samarbeid med arbeidslivet, er ikkje minst leikbasert læring eit ypparleg eksempel på. Dette er eit læringsopplegg som er laga og utvikla ved Læringsmiljøsenteret i samarbeid med barnehagelærarar for dei eldste i barnehagen. I bresjen står Ingunn Størksen og Mari Rege. Deira forsking viser at opplegget gjev barna ein stor læringsgevinst. Barnehageforsking er med på å gje betre kvalitet til barnehagane. Slik gir me kvart einskild born eit godt utgangspunkt for læring. Ein god oppvekst og framtid.

UiS bidreg til samfunnet på mange vis. Eit heilt konkret døme på det er Arkeologisk museums restaureringsarbeid på Stavanger Domkyrkje. 10 tilsette ved Arkeologisk museum er for tida i full sving med å ta vare på og vedlikehalde bygninga så vel som å forsterke fagmiljøet innan tradisjonshandtverk. Med prosjektet Domkirken2025 blir Stavanger klokare på kyrkja si i tillegg til at den blir teken vare på for ettertida.

Helse-Noreg står framom store utfordringar. Behovet for kompetente menneske i helsesektoren er formidabelt i tiåra framover. Desse utfordringane kan ikkje løysast med fleire pengar og fleire folk åleine. Utvikling av kunnskap, kompetanse og teknologi er heilt avgjerande. Difor satsar me på helseteknologi i tett samarbeid med Stavanger universitetssjukehus (SUS) og næringslivet i regionen. I september opna helse- og omsorgsminister Bent Høie HelseCampus Stavanger på Ullandhaug.

I løpet av mine tre månader i rektorstolen har eg besøkt forskingssentera våre. Eit av desse er SHARE. Her har Karina Aase saman med nære kollegaer bygd eit stort og framifrå fagmiljø innan kvalitet og sikkerheit i helsetenesta. På få år har senteret opparbeida seg ein internasjonal posisjon på resiliens. Om lag 50 forskarar er knytt til senteret. Eit par er her som nyslåtte doktorar i dag.

Helse og medisin og samarbeid med Stavanger universitetssjukehus (SUS) blir viktig for oss i tida framover – ikkje minst med tanke på medisinutdanning til UiS. SUS er eit av landets seks universitetssjukehus og har mykje forsking. På UiS forskar me òg på ein rekke medisinske område som for eksempel biomedisinsk dataanalyse, medisinsk statistikk, DNA- og kreftforsking. Me har til saman 90 doktorgradsstudentar knytt til doktorgradsstudium i helse og medisin og teknologiorienterte program relatert til medisin. 17 av desse blir kreerte i dag.

Me satsar no systematisk med å etablere ei medisinutdanning ved UiS i samarbeid med SUS og kommunane kring oss. Dette gjer me fordi Helse-Noreg treng det. Og fordi alt ligg til rette for det her ved UiS, her i Stavanger.

Dei sa me ikkje kunne bli universitet. Me hadde mange utfordringar. Men me klarte det.
 
Medisinsaka er endå meir komplisert. Det er tid for eit regionssamarbeid igjen. Då kan og vil me klare det. Eg har trua!

Takk for meg!