MENY

Rektortilsetting i styremøte torsdag

Styret ved UiS møtest torsdag 6. desember 2018. Øvst på agendaen står tilsetjing av ny rektor.

Det er fyrste gongen at universitetsstyret vedtek kven som skal bli ny rektor. Hittil i UiS-historia har rektorane blitt valde av tilsette og studentar. Åtte kandidatar melde seg då stillinga blei utlyst, og den som blir tilsett tek over roret 1. august 2019.

Det er også fyrste gongen at eit styremøte på UiS blir sendt direkte på internett. Overføringa byrjar ca klokka 12.30. Det er altså etter saka om tilsetting av rektor, som skal behandlast konfidensielt og difor ikkje er open for publikum.

Sjå sendinga her, frå ca klokka 12.30 torsdag

Økonomi og forsking

Blant sakene som ligg på bordet, er økonomiske prognoser og justert fordeling av statleg finansiering for neste år.

Styret skal òg ta stilling til eit forslag om å styrke forskingsnettverka ved UiS. Universitetsdirektøren foreslår å etablere eit nytt nettverk for smartby-forsking, samt å greie ut eit forskingsnettverk innanfor velferd.

Sakskart

Direktøren har vidare lagt fram ei rekkje saker for styret om organisering av ulike einingar og tenester på UiS.

Sjå heile sakskartet her

UiS-logo 2017