MENY

Revidert nasjonalbudsjett: Som varsla for UH-sektoren

Som varsla kjem 4000 studieplassar og 250 nye rekrutteringsstillingar frå forsking og høgre utdanningsminister Henrik Asheim til UH-sektoren. Det kjem fram i revidert nasjonalbudsjett (RNB) for 2020, som er offentleg i dag.

I tillegg får kommunane 140 millioner kroner til digital undervisning. Gestapomuseet i Bergen og samlokaliserte byggeprosjekt i Kautokeino får også løyvingar under Kunnskapsdepartementet sitt kapitel i RNB.

- Med kunnskap legg ein grunnlag for utvikling og framgang, globalt, nasjonal og regionalt. At regjeringa satsar så pass tydeleg på kunnskapsutvikling er difor positivt, spesielt i ei krisetid som no, seier rektor Klaus Mohn ved UiS.

Han registrerer med glede at Universitetet i Stavanger har kompetanse og kapasitet som står godt til dei behova regjeringa etterlyser. Difor ser han fram mot tildelinga i spenning og forventning.

Les om Kunnskapsdepartementets budsjett på regjeringen.no.

Klaus Mohn

Klaus Mohn