MENY

Roger Lockertsen disputerer

Roger Lockertsen disputerer fredag 8. september for dr.philos-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga ”Namnet på byen Trondheim. Ei språkhistorisk og faghistorisk tilnærming.”

Utgangspunktet er den filologiske striden om bynamnet skulle vere Trondhjem, Nidaros eller Trondheim på 1920-talet. Professor Didrik. A. Seip meinte Trondhjem var eit norsk bynamn og Nidaros bestemt av paven i 1172 mens professor Gustav Indrebø meinte Trondheim var områdenamn og Nidaros eldste bynamn.

Gjennom gransking av dei eldste kjeldene med norske bynamn, som i dag finst i det pavelege arkiv i Roma, Firenze og Leiden, dokumenterer Lockertsen at Nidaros-namnet er bynamn frå 1120-talet. Noko paveleg namneskifte i 1172 skjedde ikkje. Trass i at forskarar den dag i dag følgjer Seip sine namneteoriar, er det altså Nidaros som er bynamnet i dei eldste latinske kjeldene. Det same gjeld dei noko yngre norrøne kjeldene som Ågrip, Morkinskinna og Snorre.

Roger Lockertsen er fødd og oppvaksen i Tromsø og er no førsteamanuensis i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Stavanger.

Avhandlinga blir også presentert i Univers nr. 3 2006, som kjem ut i siste del av september.

Tidspunkt for disputasen:
Fredag 8. september 2006 kl. 1015 i Auditorium B, Sydnes-haugen skole, Sydnesplassen 9, Bergen