MENY

Saman for bærekraftig turisme

UiS og Madagaskar knyter nye band i eit prosjekt som skal vidareutvikle utdanningstilbodet innan bærekraftig turisme og økoturisme på øya.

Hallvor Lyngstad og Olga Gjerald frå Norsk Hotellhøgskole ved UiS er i Fianarantsoa for å jobbe saman med gassiske kollegaer i prosjektet.

Dei to skal til dagleg jobbe ved ISTE (Institut des Sciences et Techniques de l’Environnement) ved Universitetet i Fianarantsoa. Blant oppgåvene deira er også engelskundervising for dei tilsette ved instituttet.

Lyngstad og Gjeralds engasjement på Madagaskar er eit prosjekt finansiert av Fredskorpset, der Universitetet i Stavanger og Universitetet i Fianarantsoa er to likestilte samarbeidspartnarar.

- Vi føler oss veldig velkomne her nede og ser fram til eit positivt samarbeid til beste for begge institusjonar, seier Lyngstad, som er godt kjent på Madagaskar frå tidligare opphald. 

- Målet med prosjektet er kompetanseoverføring som skal gå begge vegar. Vi får eit innblikk i korleis våre gassiske kollegaer arbeider, medan dei får vite korleis vi underviser i turismefag i Noreg, fortel Gjerald.