MENY

Samspel i Bjergsted kulturpark

Opninga av det nye konserthuset i Stavanger 15. september 2012 blir ein milepåle for musikk- og scenekunstmiljøet i Stavanger. Byen får då Bjergsted kulturpark, som gir moglegheiter for samanhengande karriereløp frå kulturskule til symfoniorkester.

Bjergsted har sidan slutten av 1970-tallet vore ein samlingsstad for noverande Institutt for musikk og dans (IMD) ved Universitetet i Stavanger, dei andre store musikkinstitusjonane og det frivillige musikklivet i Stavanger. Men auka aktivitet hos alle institusjonane har gitt eit behov for å utvide bygningsmassen, samstundes som Stavangerregionen har utvikla seg til Noregs tredje største byregion.

Arbeidet med å etablere ein kulturpark er forankra i Bjergstedvisjonen. Denne visjonen  går ut på eit breitt kunstfagleg samarbeid forankra i Bjergsted. Her skal mange av Stavangers og Rogalands mest etablerte kulturaktørar få eit felles bruksområde.

Forutan IMD er dei sentrale aktørane i parken Stavanger Symfoniorkester, Stavanger Konserthus, Stavanger kulturskule, ny
vidaregåande skule med musikk, dans og drama, Norsk Lydinstitutt og organisasjonar og festivalar som held til i den gamle hermetikkfabrikken i Sandvigå 27.

Innanfor Bjergsted kulturpark vil det snart vere moglegheiter for eit samanhengande karriereløp, frå kulturskule via vidaregåande skule og universitetsutdanning til ein profesjonell karriere i symfoniorkesteret.

Kunstnarisk og pedagogisk
Ulike samarbeidsprosjekt skal synleggjere eit sterkt fagmiljø regionalt og nasjonalt, slik at Bjergsted blir eit kraftsenter for musikk og kunst. Dei neste åra skal det utviklast nye prosjekt med musikarar og scenekunstnarar frå Bjergsted-miljøet som skal gi opplevingar på høgast mogleg nivå og vise det mangfaldet som finst i parken.

– Med kulturparken på plass blir heilskapen større enn summen av delane. Me ser no fram til eit meir formalisert kunstnarisk
og pedagogisk samarbeid med naboane våre, seier leiar Jens T. Larsen ved IMD.

– Me har allereie avvikla to store arrangement. I september 2010 inviterte Bjergstedmiljøet til Bjergsted Live, ein forsmak på
kva stavangerfolk kan vente seg. Det var ei storstilt feiring med aktivitetar for store og små, innandørs og utandørs. 15. september i år, på dagen eitt år før opninga av konserthuset, blei 3 000 ungdomsskuleelevar i Rogaland inviterte til Bjergsted, fortel han.

Larsen dreg også fram konsertane med den amerikanske komponisten Steve Reich under Numusic-festivalen i 2010 som døme på eit vellukka samarbeid mellom studentar og profesjonelle musikarar. Pioneren Reich var huskomponist (artist in residence) i Stavanger og underviste studentane fram mot konsertane. Musikarane spelte saman i Ensemble Bjergsted 1 (EnB1).

Utdannings- og kulturinstitusjonane står også bak Bjergstedakademiet, som skal arrangere seminar og verkstader der vekta ligg på kunst- og publikumsutvikling. Sist sommar flytta den tradisjonsrike rekkja med foajékonsertar frå kuppelhallen i konserthuset til foajeen på IMD, utan at publikum svikta av den grunn.

Nye studentbustader
Forutan å kunne drage nytte av kompetansen i parken ser Larsen fram til at IMD skal få breie seg meir ut. Instituttet har
vakse seg ut av det såkalla Musikkhuset og skal etter kvart ta over dei noverande lokala til Stavanger kulturskule. Etter ei ombygging vil studentane endeleg få tilgang til to nye dansesalar og nye øvings- og samspelrom for musikkstudentane.
Det skal også byggjast nye studentbustader i utkanten av kulturparken. Arkitektkonkurransen er allereie i gang, i regi av
Studentsamskipnaden i Stavanger og Stavanger kommune.

Grøn lunge med tradisjonar
Bjergstedparken har lange tradisjonar som festplass for folket i byen. Etter nokre rolege år har aktiviteten i den grøne lunga no teke seg opp igjen, i tillegg til at familiefesten på 17. mai er tilbake.

Det nye konserthuset har eit areal på 13 800 kvadratmeter og rommar 3 400 publikummarar fordelt på to salar. Huset får
akustikk og teknisk utrusting for å huse arrangement i verdsklasse uansett stilart, for ikkje å gløyme ei fantastisk panoramautsikt mot sentrum, himmel, fjord og fjell. Frå Vågen, inst i Stavanger sentrum, kan du på få minutt følgje Den blå promenaden langs sjøen til du er i Bjergsted kulturpark.

– Sjå her, seier Larsen og held opp eit stort panoramafotografi i svart-kvitt frå 1925. Parken er full av menn i flosshattar og damer med kvite kjolar og paraplyar.

– Slik skal det bli igjen. Det er ei målsetjing i parken at me skal gjere Bjergsted attraktivt for eit endå større og breiare publikum. Resultata skal ikkje berre vere synlege for dei som studerer og arbeider i parken. Me skal sjølvsagt også nå ut regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Det handlar om å invitere samarbeidspartnarar inn og å reise ut og formidle, slår han fast.

Tekst: Thomas Bore Olsen
Foto: Morten Berentsen