MENY

Særheim i styret for kulturhovudstad-nettverk

Prorektor Inge Særheim ved Universitetet i Stavanger er vald inn i styret i UNEECC, eit nyetablert nettverk for universitet i europeiske kulturhovudstader.

Over 30 universitet i byar som har vore, er eller skal bli europeisk kulturhovudstad, har sagt seg interesserte i å vere med i eit nytt University Network of the European Capitals of Culture (UNEECC). Halvparten av universiteta var representerte på stiftingsmøtet, som fann stad i den ungarske byen Pécs 1. og 2. desember 2006. Med i nettverket er fleire av Europas eldste universitetetsbyar, som Bologna, og dei yngste i rekkja, t.d. Stavanger. Forutan desse deltok bl.a. institusjonar frå Antwerpen, Krakow, Graz, Avignon, Istanbul, Brügge, Sibiu, Vilnius samt Liverpool, som deler statusen med Stavanger i 2008.

- Formålet med UNEECC er å fremje samarbeid og utveksle idéar om korleis universiteta kan engasjere seg i heile prosessen rundt kulturhovudstaden. Det er viktig for eit universitet å vere ein integrert del av ei slik stor satsing og hending, seier Særheim.

Han fortel om positiv tilbakemelding frå dei andre universitetsbyane på prosjektplanar for Stavanger 2008 og UiS’ engasjement.

- Vårt engasjement blir lagt merke til. Det vekkjer oppsikt at fleire av våre tilsette er involverte i konkrete prosjekt. Noko av den viktigaste lærdomen frå universitet i tidlegare vertsbyar, er at det er viktig å førebu seg og ta del i ulike typar prosjekt, fortel han.

Evaluerer 2008
UiS og International Research Institute of Stavanger (IRIS) fekk våren 2006 innvilga ein søknad om forskingsmessig oppfølging og evaluering av Stavanger2008. Forskingsprosjektet er no etablert ved IRIS med forskingsleiar Hilmar Rommetvedt som prosjektleiar. Det blir gjennomført som eit samarbeid mellom medarbeidarar ved UiS og IRIS.

I tillegg er fleire forskingsgrupper og enkeltforskarar ved UiS involverte med omfattande 2008-prosjekt.

- Det er viktig at fagfolk ved UiS deltek. Derfor gir vi støtte til tilsette og studentar som er engasjerte i relaterte prosjekt, seier Særheim, som oppmodar ulike grupper til å søkje om midlar.

I 2006 blei det løyvt 500 000 kronar til slike prosjekt. Tilsvarande sum vil bli fordelt i 2007.

Europeiske studentmøte
Særheim ser for seg at nettverket kan ta initiativ til å arrangere studentmøte. Andre aktuelle tiltak kan vere forskarutveksling, forskingsseminar, formidling og undervisningssamarbeid.

- Det er viktig å nytte dette høvet til å skape varige resultat og verdiar som styrkjer den generelle kultursatsinga. Mange av byane i nettverket ser mot tidlegare kulturhovudstader som har opplevt at den spesielle statusen kan ha stor verdi for sjølvbiletet til byen og omlandet, seier Særheim, og trekkjer fram Glasgow som eksempel.

Kulturhovudstadene blir rekna som EU sitt mest vellukka kulturtiltak, og Glasgow er ein av byane som har hatt stor fordel av kulturhovudstadstatusen. Byen makta å auke besøkstala med nesten 50 prosent, og har sidan klart å stabilisere besøket. Den kulturelle vitaliseringa har også medført at Glasgow i dag framstår som ein rik og vakker by.

- Kulturhovudstadsåret vil setja Stavanger og UiS på kartet, og det kan bidra til å fremje det gode arbeidet som blir gjort innanfor forsking, formidling og utdanning ved universitetet, og ved IRIS. Universitetet må vere ein naturleg del av ei slik stor satsing og hending innanfor kulturfeltet, meiner Særheim.

Meir informasjon:
Stavanger 2008 i forskningsmessig lys

Stavanger 2008s nettstad