MENY

"Særskilt" vant tre priser

Studentbedrifta "Særskilt" fra UiS, vant heile tre priser under gårsdagens presentasjon for studentbedrifter på UiS

Ni studentbedrifter frå UIS og Høgskolen Stord/Haugesund skapte liv og røre i Kjølv Egelands hus i går. Fleire av studentane har studentbedrift som eit eige fag på 15 studiepoeng ved NHS/IØL og kunne stolt visa fram produkta sine i går.

Ein fagjury leia av Fride Solbakken frå Rogaland Kunnskapspark valde ut dei fire beste, som fekk premiar på 3000,- delt ut av forskingsdirektør Helge Ole Bergesen. Dei seks gründarane i Studentbedriften "Særskilt" stakk av med to av juryprisane og fekk i tillegg publikumsprisen, stemd fram av dagens gjester i Kjølv Egelands hus.

Forretningsida til ”Særskilt” er å skape profilering på ein særskild måte, for eksempel med firma- eller eigenreklame på bilskilt, heller enn reklame for forhandlaren. Dei tilbyr også handlaga kvalitetsskilt til hus.

”Særskilt” fekk pris båe for Beste produkt og Beste studentbedrift. Juryen si grunngiving var blant anna at dei har eit produkt med høg kvalitet som skil seg ut. Bedrifta er godt organisert og dyktige på marknadsføring. I tillegg var namnet særs bra.

Studentbedrifta Rock Management vant prisen for Beste marknadsføringsmateriell, logo og nettstad. Og prisen for Beste stand gjekk til bedrifta Midt i blinken.

Her finn du lenker til alle studentbedriftane