MENY

Satsar på barnehagevitskap

Ein ny master i barnehagevitskap skal bidra til auka kvalitet i barnehagane. Med den profesjonsbaserte masterutdanninga vil Universitetet i Stavanger vere med på å vidareutvikle barnehagefeltet og engasjere studentar til arbeid for ein betre barnehage.

Den nye masterutdanninga, som startar opp i haust, vil kvalifisere for ulike typar arbeid i institusjonar som har eit pedagogisk tilbod for barn frå null til åtte år, arbeid i høgare utdanning, på vidaregåande skule, i kommunar og andre etatar. Masterstudiet dannar òg grunnlag for opptak til doktorgradsstudium innanfor det barnehagevitskaplege feltet.

– Kompetanseløft i barnehagen er ei nasjonal satsing. Med ein master i barnehagevitskap vil vi vere med på å svare på dette behovet i samfunnet samstundes som vi vil løfte fram barnehagefeltet som forskingsområde, seier førsteamanuensis Marit Alvestad ved Institutt for førskulelærarutdanning ved UiS.

Tverrfagleg innhald
Alvestad, som har vore leiar og koordinator i utarbeidinga av den nye masteren, er glad for å kunne presentere ein tverrfagleg master innanfor det førskulepedagogiske og didaktiske området. På studiet vil det bli lagt vekt på både pedagogiske, matematiske, naturfaglege, estetiske og språklege emne.

– I den nye rammeplanen for barnehagen er antall, rom og form meir eksplisitt trekt fram enn tidligare, og av den grunn er det viktig at masteren også fokusere på dette fagområdet, seier ho.

Vidare vil barn, barnehage og samfunn, barns leik og læring, arbeid med dei yngste barna, estetikk i små barns liv og barn, språk og litteratur vere aktuelle emne på masteren. I tillegg skal studentane arbeide med vitskapsteori og metode før dei til slutt skal skrive masteroppgåve.

Den gode praksisen
I lys av det politiske målet om full barnehagedekning er satsing på kompetanseheving viktig, meiner Alvestad. Ideen om barnehagen som ein lærande organisasjon ligg til grunn for det nye mastertilbodet.

– Ei slik satsing har mykje å seie for rekrutteringa til barnehagane, styrking av førskulelærarutdaninga og for utviklinga innan barnehagefeltet generelt. Med lovfesta rett til barnehageplass, fleire barn inn i barnehagane og bygging av nye barnehagar trengst det kvalitet i tilbodet på alle nivå, seier ho.

– Vi kan ikkje utvikle barnehagane utan forsking, og det gjeld særleg praksisnær forsking. Masteren i barnehagevitskap rettar seg mot utvikling av god praksis, og korleis barna har det i det daglege livet i barnehagen, seier Alvestad, som er glad for den gode rekrutteringa til grunnutdanninga ved UiS. Ved siste opptak var førskulelærarutdanninga blant dei ti mest søkte studia
ved UiS.

Meir om master i barnehagevitskap