MENY

Seminar om Q-metode

Forskarar og andre som er interesserte i Q-metoden kan no melde seg på seminar på UiS. Frå 31. oktober til 2. november vil professor Steven Brown frå USA halde kurs om metoden.

Q-methodology, eller såkalla Q-metode, er ein forskingsmetode som blir brukt for å studere subjektivitet. Metoden blei fyrst introdusert av William Stephenson i 1935 og har sidan blitt brukt av stadig fleire forskarar innanfor psykologi, pedagogikk, marknadsføring, helsefag og statsvitskap.

I dag er professor Steven Brown frå Kent State University ein av dei fremste på metoden som gjer det mogleg for forskarar å gå i djupare inn i einskilde individ sine forståingar. Steven Brown har tidligare vore på besøk på UiS for å fortelje om metoden.

Det er universitetslektor Arlene Thorsen og førsteamanuensis Ingunn Størksen ved Senter for åtferdsforsking som arrangerer seminaret. Dei to forskarane deltek i år med to presentasjonar om Q-metode på den årlige internasjonale konferansen "'The International Society for the Scientific Study of Subjectivity" i Maryland, USA, frå 4. til 6. oktober.

Q-metode-seminaret på UiS vil vere på ulike stader på campus. Onsdag 31. oktober frå 9-15 vil Steven Brown gi eit historisk overblikk og ein innføring i metoden i Hulda Garborgs hus på rom 0-101.

Torsdag 1. november frå 9-15 blir det workshop med innføring i Q-metode-programmet på PC i Arne Rettedals hus på rom V-102. Fredag 2. november frå 9-15 blir det vidare arbeid med metoden på PC i rom V-102 i Arne Rettedals hus.

Det er gratis å delta, men på melding på sendast til Ingunn Størksen.

Se invitasjonen (pdf, 31,5 kb) og les meir om Steven Brown!