MENY

Senter for Studententreprenørskap offisielt opna

– Vi skal vere ein hjelpar på vegen for studentar som har ein gründer i seg, sa Nils-Henrik Stokke, administrativ koordinator for det nye senteret for studententreprenørskap, som opna i dag.

Han håper og trur Senter for studententreprenørskap vil vere til god hjelp for studentar som har eigne bedriftsidear som dei ønskjer å setje ut i livet.

Det nye senteret har lokala sine i det kvite trehuset kalla Gamle Sør-Fogn skulestue, som ligg like ved Arne Rettedals hus på universitetsområdet.

- Nyttig rolle
Administrerande direktør Tore Gjedebo i Styrbjørn AS sto for den offisielle opninga av Senter for Studententreprenørskap.

- Det er viktig å få studentane til å tenke nytt, men som student treng du all hjelp du kan få. Entreprenørsenteret kan ha ei nyttig rolle i å hjelpe dei innovasjonane som går rett veg og stoppe dei som går feil veg. Ein entusiastisk innovatør kjem garantert på noko nytt, sa Gjedebo i opningstalen.

Gjedebo sa også at tilbodet ved Senter for Studententreprenørskap kan gi kunnskap når ein som fersk i arbeidslivet skal tolke miljøet rundt seg og samarbeide med andre menneske med ulik kompetanse og bakgrunn.

Styrking av miljøet

– Målet er å styrke samspelet mellom forskarar og studentar og skape større interesse for entreprenørskap og innovasjon, seier Stokke.

– Senter for Studententreprenørskap skal også leggje til rette for studentbaserte bedrifter på campus, undervising i studentbedriftsfaget i senteret sine lokale, samt uvikling av idear som kan føre til nye produkt, tenester eller bedrifter, seier han.

– Vi er i startgropa, men har allereie mange planar for arbeidet. Mellom anna skal vi lage ein eigen nettstad kalt idesøk.no. Der skal studentar kunne knyte band til forskarar, rettleiarar og næringsliv. Vi har også planar om å opprette ein studentinkubator der alle studentar vil få tilbod om å etablere eiga bedrift i Brønnøysundregisteret, seier han.

Saman med Senter for Innovasjonsforsking skal Senter for Studententreprenørskap styrke det samla miljøet knytt til innovasjon og entreprenørskap på Ullandhaug, representert ved Universitetet i Stavanger, International Research Institute of Stavanger (IRIS) og Rogaland Kunnskapspark.

Familien Gjedebo gav forøvrig nyleg ved UiS.