MENY

Sju styresaker utsett

På grunn av tidsnaud måtte styret ved Universitetet i Stavanger utsetta sju saker til neste møte.

Dei utsette sakene er:

  • Fakulteta sine handlingsplanar
  • Orientering om tal på søkarar til UiS for 2009
  • Sak om selskapa sine årsmeldingar, strategiske vedtak med meir
  • Strategisk handlingsprogram
  • Årsrapport for HMS-arbeidet ved UiS for 2009
  • Fullmaktssaker
  • Orienteringssaker

Desse sakene vil bli behandla i siste styremøte før sommaren, den 11. juni.

Dei andre sakene på sakskartet blei vedtatt etter instillinga, med eitt unntak. I sak om førebuing til etatsstyringsmøtet 2009 gjorde styret ei endring når det gjeld studentrepresentant. Den føreslådde studenten melde fråfall og ein ny representant skal derfor nemnas opp seinare.