MENY

Skal dele ut prisar til toppstudentar i petroleumsfag

Repsol Norge og Acona ynsker å æra studentar som utmerker seg fagleg ved Institutt for Energi- og petroleumsteknologi og Institutt for Energiressursar.

Bilete frå masterseremonien ved Det teknisk-naturvitskapelege fakultet 2018

Acona Best Master Student Awards 

Totalt fire premiar vil bli tildelte i løpet av dei toårige masterprogramma for petroleumsteknologi og geovitskap. Dei tre fyrste premiane blir tildelt etter det fyrste året og består av 10 000 kroner kvar. Den fjerde prisen blir tildelt etter levert masteroppgåve, og består av 25 000 kroner. 

Den fyrste prisen blir delt ut basert på resultata frå fyrste år på masterprogrammet. Den andre baserer seg på fleire kriterium, som t.d. at alle eksamenar må vere tatt og bestått på fyrste forsøk, gjennomsnittskarakter på B eller meir, gode akademiske resultat frå tida ved UiS og at kandidaten har vist initiativ, kreativitet og kvalitet innanfor petroleumsfaga. Kandidaten blir nominert av fagpersonalet gjennom ein rapport som viser om oppgåva bidreg til å utvikle petroleumssektoren på ein meir kostnadseffektiv og / eller sikker måte.  

Vinnarane av dei fyrste prisane blir annonsert under Bachelor- og masterdagen 2019, mens hovudpremien blir delt ut på eit eige arrangement.  

Repsol Student Award 

Totalt fire premiar skal delast ut, ein for kvar av spesialiseringane i det toårige masterprogrammet for petroleumsteknologi; boring og brønnteknologi, reservoaringeniør, naturgassingeniør og geovitskap. Kvar pris er på 25 000 kroner.  

Studentane blir vurdert etter akademisk yting, og kandidatane blir vurdert etter følgjande kriterium: alle eksamenar må vere bestått utan utsetting og på fyste forsøk og etter gjennomsnittskarakterar frå dei fyrste tre semestera på masterprogrammet.  

Dersom fleire kandidatar blir vurderte likt, skal premien delast mellom dei.  

Vinnarane blir annonserte og prisen delt ut på eit eige arrangement 18. juni 2019 for petroleumsstudentar som leverer masteroppgåve i år.   

Positivt bidrag 

Instituttleiarane ved dei to petroleumsinstitutta, Alejandro Escalona og Øystein Arild, synest det er flott at industrien ynskjer å ære studentar som utmerker seg fagleg.  

 – Eg synest det er viktig og bra at industrien viser nytten av å utdanne seg innafor petroleumsfag, sjølv om bransjen har vore gjennom vanskelege tider, seier Escalona.  

 Han trur dette kan motivere studentar til å satse på ei karriere i petroleum:  

– Me utdannar studentar som har god og relevant kompetanse til å jobbe i industrien. Dei kan bidra innanfor fleire felt, og ta del i den spanande utviklinga som skjer i energiindustrien i dag, seier han.  

 Industrikontakt er veldig viktig for institutta, og dette styrker kontakten ytterlegare:  

 – Me er veldig stolte av kontakten me har med industrien, og dette er med på å bygge ei bru mellom studentane og potensielle arbeidsgjevarar, avsluttar Escalona 

 

Tekst og foto: Mari Løvås