MENY

Skal samarbeide om ny teknologi

Då Helse Vest fekk høyre om dei nye studieprogramma Applied Data Science og Computational Engineering, tok det ikkje lang tid før planar om samarbeid var i gang.

Portrettbilde av Aksel Hiorth. – Ved bruk av teknologi kan ein forenkle ein god del arbeid, seier Aksel Hiorth. Han er ein av initiativtakarane bak masterprogrammet Computational engineering.

Begge masterprogramma er toårige og tek sikte på å auke kompetansen blant ingeniørar i industrien. Applied Data Science skal auke IKT-kompetansen hos ingeniørar frå ulike fagfelt, mens Computational Engineering siktar seg inn på å lære studentane korleis dei ved hjelp av modellar kan oppnå betre kunnskap om komplekse problem, der ein ofte ikkje har nok informasjon.

Begge programma er godt tilpassa ingeniørar som allereie har fartstid frå industrien, og som nå ønsker å auke kompetansen sin for å følge med på den teknologiske utviklinga. 

Då Helse Vest fekk høyre om dei nye masterprogramma, tok det ikkje lang tid før dei kontakta universitetet. Dei ønsker nå å samarbeide med fagmiljøa ved UiS om å lage betre teknologiske løysingar for pasienthandteringa si. 

– Eg synest dette verkar veldig spennande! Det finst mange interessante forskingsspørsmål og innovasjonsmoglegheiter i helsesektoren, seier professor Aksel Hiorth, ein av initiativtakarane bak Computational Engineering-programmet. 

Les også: Skal lære ingeniører å modellere

Betre studentlæring

Han håpar samarbeidet kan styrke læringa til elevane, ved at dei får meir relevante oppgåver, og får jobbe med reelle problemstillingar.    

– Intensjonen er at studentane har kanskje ein månad der dei får jobbe med utfordringar som Helse Vest har, seier han. 

Han viser til at slike oppgåver kan vere å analysere store mengder data, for eksempel om kvifor ikkje pasientar møter opp til timane sine. 

– Ved bruk av teknologi kan ein forenkle ein god del arbeid, seier Hiorth. 

– Me kan tilby verktøy Helse Vest kan bruke, men så er det opp til dei å drive det vidare sjølv, forklarar han. 

Han viser til at helsevesenet har fleire unike problemstillingar, og at det derfor er viktig å skreddarsy løysingar tilpassa deira behov. 

– Derfor er det ikkje så enkelt for dei å ta i bruk ferdigutvikla løysingar som fungerer på ein generell basis. Me må lage noko nytt, som er spesialtilpassa kvart helseføretak, seier han.

Stort behov 

– Me har store mengder data i helsesektoren, seier Hilde Christiansen, direktør medarbeidar, organisasjon og teknologi frå Helse Vest. 

Ho poengterer verdien i å nyttegjere seg av desse dataa, for å skape innsikt som kan bidra til fleire berekraftige tiltak i tida framover. Innsikta skal vere til nytte for både pasientar, medarbeidarar og samfunnet. 

– Me håper denne innsikta kan bidra til å definere mål, fremme relevante problemstillingar, identifisere moglegheiter og sette i verk verdiskapande tiltak, seier ho. 

I tillegg håper ho innsikta kan nyttast til å ta meir opplyste avgjerder, for eksempel i pasienthandteringa. 

– Det er viktig å tenke langsiktig, og me ser eit behov for meir ingeniørfagleg kompetanse i helsesektoren. Dette gjeld spesielt innanfor modellering og programmering. Då kan arbeidstakarane sjølv bidra til å digitalisere og forbetre kvardagen, seier ho. 

Korfor samarbeide? 

Christiansen og Hiorth trur dette er ein glimrande arena for å nytte seg av kunnskap som har blitt opparbeidd gjennom lang tid i olje- og gassindustrien. No kan han kome til sin rett også i helsevesenet. 

– Me har store mengder data som er under-analysert, samtidig som me har fleire viktige samfunnsutfordringar som må løysast på ulike nivå. Ved hjelp av innsikt frå data er det fleire oppgåver som kan løysast på nye og betre måtar, seier Christiansen.

 

Tekst: Mari Løvås

Hilde Christiansen, direktør medarbeidar, organisasjon og teknologi, Helse Vest.

Hilde Christiansen, direktør medarbeidar, organisasjon og teknologi, Helse Vest.