MENY

Skribent utan penn og papir

Når Ivar H. Andreassen skal intervjue grundarar og direktørar om fusjonar, oljeleiting og nye bedrifter, tek han aldri notatblokka med seg.

Journaliststudenten står plutseleg føre oss, presis og med fast handtrykk. På veg opp til redaksjonslokala held han dørene opne for oss.

– Eg trivst svært godt her i Aftenbladet. Folk seier dei likar at ikkje alle er A4, seier han med den kvite stokken i handa og eit smil på lur.

Det er sommar og litt roligare enn elles i lokala til Stavanger Aftenblad. Ivar H. Andreassen er sommarvikar med ansvar for alle typar saker. Som journaliststudent ved Universitetet i Stavanger har han tidlegare vore i praksis hos Aftenbladet.

– I dag skal eg skrive om hotell overnattingar i Rogaland, fortel han.

Ivar H. Andreassen har ein vanskelegare arbeidssituasjon enn mange av sine kollegaer. Som svaksynt ser han berre mellom to og fem prosent på det venstre auget.

Tastatur med display
– For å kunne sjå teksten på skjermen, må eg ha kvit tekst på blå bakgrunn. No ser eg kva som står her, seier han og bøyer seg mot skjermbilete til det venstre auga er nokre centimeter frå.

På skrivepulten ligg eit svært tastatur, ein PC-skjerm, ein telefon og fleire bandopptakarar. Leidningane kveiler seg som små ormar på skrivepulten.

– Tastaturet har eit display med punktskrift, eller blindeskrift, som mange kallar det. Dermed kan eg lese teksten på skjermen. Piltastane brukar eg til å bevege meg rundt i skjermbilete.

Bandopptakar og drosje
Som oftast sit Andreassen på kontoret når han jobbar med saker, men det hendar også at han må ut på oppdrag.

– Då tek eg bandopptakaren og mikrofonen med meg i drosja. Her på kontoret brukar eg også bandopptakar, seier han.

– Eg skriv spørsmåla inn på PC før intervjuet for så å lese dei opp når eg ringar folk, forklarer studenten, som delar kontor med to av næringslivsjournalistane i avisa, deriblant Bjørn Aage Krane, som også har vore praksisrettleiaren hans.

– Ivar har gjort ein flott jobb. Han har vist stigning både i kvalitet og kvantitet. Det har vore morosamt å coache ein ung mann med ei så eksplisitt interesse for språket, seier Krane.

Den gode samtalen

Ivar H. Andreassen er glad i den gode samtalen. Han er velformulert og skarp i svara han gir. Historiene han fortel, startar alltid i rett ende.

– Mange ser på journalistyrket som eit visuelt yrke, men for meg dreier det seg om å fortelje kompliserte saker på ein enkel måte, seier han.

– Det var heilt tilfeldig at eg valde journalistyrket. Først byrja eg på jus, men så blei eg meir interessert i korleis juristane formulerte seg. Sidan tok eg norsk, historie og polsk.

– Då eg var i Polen, skreiv eg reisebrev heim til Noreg om rare språklege misforståingar. Eg blei glad i å skrive, seier Andreassen, som berre skal skrive bacheloroppgåve før tittelen er på plass.

Berre tekst
Andreassen bruker ofte internett for å finne informasjon, så gode og dårlege nettstader veit han mykje om.

– Grafikk og reklame gjer det vanskeleg for meg, seier han, og viser oss korleis ei nettside ser ut for han.

På skjermen ser vi rad på rad med uforståelege ord. Mykje av teksten er skjulte kommandoar for knappar på nettstaden. I ny og ne dukkar det opp ei setning vi forstår.

– Så det hendar jo at eg brukar litt lengre tid på å finne den informasjonen eg er ute etter, smiler sommarvikaren, som straks skal ut å søke jobb.

Tekst: Silje Stangeland
Foto: Marius Vervik