MENY

Slik blir UiS-campus i 2040

UiS er eit universitet i vekst. UiS treng stadig meir rom, og nye bygg sprett opp. No skal ein ny plan for Campus Ullandhaug 2040 meislast ut.

Magasinet Univers nr 4 2011 har campusutvikling som tema. Her ser vi på korleis universitetsmiljøet på Ullandhaug kan kome til å utvikla seg dei neste 30 åra.

Les heile Univers nr 4 her

I 2040 har Universitetet i Stavanger 20 000 studentar og 2 000 forskarar. Det er eit yrande internasjonalt studentliv på campusen. Fleire hundre fagfolk frå inn- og utland gjestar UiS kvar veke.

Forskingsmiljøa på Ullandhaug har fagleg breidd, men særleg tyngd innan ny teknologi, energi, helse, biologi, pedagogikk, samfunnstryggleik og finans. I sør ligg forskingsklyngjene tett med bygg som ruvar.

Eit universitet blir fødd
Etter eit fantastisk samarbeid etter den såkalla rogalandsmodellen, der kommune, fylke og private aktørar samarbeidde godt, fekk dei visjonære samfunnstoppane på sekstitalet sett av nesten 1 300 dekar til det dei freidig nok kalla Universitetsområdet, og det lenge før universitetet var ein realitet.

Så utfordra kommunen og leiinga ved det som skulle bli Universitetet i Stavanger, det velkjende systemet og laga sin eigen modell for korleis dei skulle etablere eit universitet.

Utbygginga av Universitetsområdet på Ullandhaug tok til med nybygget til lærarutdanninga i 1972. Same året tok å fylkesordførar Herlof O. Lærdal det fyrste spadestikket til nytt distriktshøgskulebygg. Det vart gjort i full forvissing om at Rogaland ikkje var som andre regionar.

Hestehovud foran
Normalt skulle Statsbygg ha stått for utbygginga av området. Men ordførar Arne Rettedal, direktør Kjølv Egeland og resten av Stavanger og Rogaland hadde ikkje tid til å vente. Byen trong universitet, og universitetsforkjemparane låg eit hestehovud framom staten. Då bygget Kjølv Egelands hus stod ferdig i 1974, var det berre for staten å ta bygget i bruk.

Då den store høgskulereforma kom i 1994 og sju høgskular i Stavanger vart fusjonerte, låg dei fleste allereie på Ullandhaug eller var på veg inn i bygg som var under ferdigstilling.

Etter fusjonen fekk universitetsambisjonane vind i segla, ikkje minst takka vere solid lokal støtte både politisk og økonomisk. Etter å ha innfridd kvalitetskrava frå staten til nye universitet, vart Universitetet i Stavanger ein realitet i 2005.

Ein ny plan
– At vi hadde framsynte politikarar på sekstitalet som sette av Universitetsområdet, betyr mykje for oss i dag. Dersom vi tredoblar aktiviteten vår her på UiS, og IRIS og Ipark gjer det same, ja, då har vi fylt halvparten av området vi har til disposisjon. Vi treng ikkje vere opptekne av grensene i dei langsiktige visjonane våre, seier universitetsdirektør John B. Møst.

Som tidlegare ressursdirektør har han jobba i ti år med campusutvikling. No held han som universitetsdirektør i spakane.

Med seg på laget har han leiar for Universitetsfondet Kjølv Eivind Egeland. Han er ein av dei som har gått i bresjen for ein langsiktig plan for Universitetsområdet. I 2012 skal Universitetsfondet saman med UiS, IRIS, Ipark, Stavanger kommune, Sola kommune og Statsbygg sjå til at universitetsområdet får ein plan for ei heilskapleg utvikling fram mot 2040.

Førsteval
– Vi må ty til den gode, gamle regionale kreativiteten når det gjeld samarbeid og gjennomføringsevne. Målet er å utvikle eit universitet og ei tilleggsverksemd som held høg internasjonal standard. Vi skal vere eit førsteval for studentar, vitskapleg tilsette og høgteknologiske og forskingstunge bedrifter både nasjonalt og internasjonalt, seier Egeland.

Det er vanskeleg å spå kva ein kan rekne med av vekst i talet på studentar. Det er så mange faktorar som speler inn, ikkje minst utdanningspolitiske føringar.

Ein region i vekst
Men ifølgje professor Martin Gjelsvik, forskingsleiar ved IRIS, vil Stavanger-regionen ha ein formidabel vekst i folketal. I 2020 er vi truleg 85 000 fleire enn i dag. Og Statistisk sentralbyrå reknar med ein sterk vekst fram mot 2030 særleg i Rogaland, Oslo og Akershus. Det betyr at tilfanget av studentar i regionen truleg blir stadig større.

– UiS har ein kontinuerleg vekststrategi. Ja, vi har plass til 30 000 studentar, seier Møst med heile Universitetsområdet i tankane, og ikkje minst tenkjer han på at ein framtidig bybane har to stoppestader, ein ved Arne Rettedals hus og ein ve Kunnskapsparken i sør.

– Meir realistisk kan vi seie at vi har ein visjon om 20 000 studentar i 2040.

Treng meir plass
Det som i alle høve er sikkert, er at UiS er i vekst på alle frontar. Ikkje minst har talet på studentar auka. På 25 år, frå 1975 og fram til 2000, gjekk UiS frå å vere 800 studentar til 6 000. I dag er talet rundt 9 000, og i 2020 vil det mest sannsynleg vere 10 000 studentar.

– UiS har eit mål om å utvide fagtilbodet og fremje kvalitet i alt vi gjer. Då må vi også ha nye bygg som er tilrettelagde, seier Møst.

Ifølge universitetsdirektøren har UiS arealnorm som ein høgskule. Det vil seie at om UiS samanliknar seg med UiO, som har det trongast av dei fire etablerte universiteta, så har UiO 25 prosent meir plass per student enn det UiS har.

Mastergradsstudentar og stipendiatar er meir plasskrevjande enn bachelorstudentar, så når det blir fleire masterstudentar og stipendiatar, trengst det også meir plass.

Studentbustader på campusen
Eit viktig mål for UiS er å utvikle studentmiljøet. Eit grep for å få til det er å byggje fleire studentbustader på campusen. Studentsamskipnaden i Stavanger (SiS) gjer det dei kan. I takt med løyvingar frå departementet sprett det stadig opp nye husrom.

– I dag har vi nærmare 500 studentbustader på campusen. Vi treng 1 000 til så snart som råd, seier direktør for SiS Ellinor Svela.

Kvar semesterstart er ho i kontakt med studentar som er fortvila over at det er så vanskeleg å finne seg bustad i Stavanger-regionen. Med den raske veksten av studentbustader på campusen får fleire studentar lettare tak i bustad – og campusen blir meir levande.

Sosialt miljø
– Fleire bustader på campusen styrkjer det faglege og sosiale miljøet ved universitetet. Eg tenkjer særleg på fellesstovene i dei campusnære bustadene. Desse stovene blir brukte på ein annan måte enn ei fellesstove på Våland. Studentane samlar seg her både på dag- og kveldstid for å diskutere fag, gjerne i kollokviegrupper. Dette styrkjer både student- og læringsmiljøet ved UiS, seier Svela.

I dei siste par åra har studentaktivitetane ved UiS auka kraftig. Det er takka vere ei bevisst satsing frå studentorganisasjonen StOr og engasjerte studentar.

Eige hus med bar
No har dette engasjementet fått eit eige hus: Studentenes hus. I august flytta StOr, studentpresten og 22 studentorganisasjonar inn. Her har dei fått eit godt arbeidsmiljø for studentpolitikk og organisering av aktivitetar.

Men kanskje endå viktigare: Huset har kafé og bar. Kvar torsdag kveld og i helgane er baren Tappetårnet open.

– Baren har vorte ein viktig samlingsstad for studentane, ikkje minst dei internasjonale. Her er det gode prisar, seier studentleiar Morten Rønne i StOr. Han meiner baren er eit viktig bidrag til studentmiljøetaukar trivselen på campus. .

Fortetting
Campus Ullandhaug ligg flott til på eit platå som ligg over Hafrsfjord og under Ullandhaug-skråninga. Men det er òg ein svært open plass der vinden tek tak mellom bygningar som står langt frå kvarandre.

Universitetsområda på Blindern (UiO) og Gløshaugen (NTNU) har ein heilt annan konsentrasjon av bygningar. Fortetting av campusen er eit uttalt mål for UiS. Og no kjem bygga som skal gjere det lunare.

Først ut er eit fireetasjars bygg for Det samfunnsvitskaplege fakultetet, med eit auditorium som har 650 sitjeplassar. Bygget får ei golvflate på 4 520 kvadratmeter, og det skal liggje på nordsida av Ellen og Axel Lunds hus. Bygget skal stå ferdig i 2013.

Nye laboratorium
Neste bygg ut er eit laboratoriebygg på nordsida av Kjølv Egelands hus. Byggfaga får stadig fleire studentar, og det laboratoriebygget som er i bruk no, er gammalt, nedslite og lite tenleg.

Det nye labbygget kjem til å gje betre og meir plass til forsøk med betong- og metallkonstruksjonar. Byggjestart for det 1 500 kvadratmeter store bygget skal skje i 2012, og det skal stå ferdig i 2013.

– Dei nye bygga gjer at vi kan samle fagmiljø og få fleire grupperom og moderne auditorium. Det gjev betre læringsmiljø, seier Møst.

Fleire bygg i kjømda
Universitetet kan i dag skilte med to campusar i sentrum. Institutt for musikk og dans held til i Bjergsted, og Arkeologisk museum på Våland. Begge får no ei vitalisering.

Musikkmiljøet får meir plass når konserthuset star ferdig i 2012. Då overtek dei bygga til Stavanger kulturskule. Arkeologisk museum får eit nytt tilbygg, som kanskje står ferdig allereie i 2013.

Neste utbygging på campusen på Ullandhaug blir fleire studentbustader i Sørmarka i 2013, så truleg eit nytt tilbygg til dei humanistiske fagmiljøa i Hulda Garborgs hus. Det skjer ein gong mellom 2014 og 2018. Det er også planlagt eit laboratoriebygg til, ved sida av det første.

I 2020 er det realistisk å tru at den såkalla trekanttomta mellom Kjell Arholms hus og Oljedirektoratet er utnytta. Andre ting undervegs er Arkivenes hus, som er tenkt plassert på søraustsida av Måltidets hus.

Studentby på campusen
Tomta sør for Kristine Bonnevies hus er eit naturleg val for bygging av fleire studentbustader – og på sikt ein heil studentby.

– I 2040 bur og studerer studentane på campusen. Dei treng ikkje reise ned til sentrum for å få utretta ting, her finst eit sørvisbygg med butikkar, kino, restaurant og kafé. Det er sjølvsagt at den framtidige bybanen skal gå til Ullandhaug, seier studentleiar Morten Rønne om sin visjon for campusen.

Rektor Marit Boyesen trur òg på eit yrande liv:

Kulturell smeltedigel
– I 2040 har vi ein tettbygd campus. Studentane vrimlar på dag- og kveldstid, og førelesingane er ikkje slutt klokka 16. Det er liv mellom husa, og det er aktivitet i grupperomma, lesesalane, biblioteket, idrettshallen, kafeane.

Campusen er ein kulturell smeltedigel med konsertar, drama og kunst. Opne føredrag og debattar dreg også publikum til campusen, fantaserar Boyesen.

SiS-direktøren Ellinor Svela klemmer òg til:

– I 2040, og lenge før det, har vi eit flott uteidrettsanlegg med tribunar, ei utandørsscene og eit glasoverbygg mellom fleire av bygga på campusen. Dette er ein campus som lever, og det skal vere kjekt å ta bybanen opp til Ullandhaug på kveldstid for å få med seg intellektuell føde. Her skal det skje noko heile tida!

Science City Ullandhaug
Visjonen fram mot 2040 inneber at det skal liggje fleire framifrå nasjonale og internasjonale forskingssenter i forskingsparken heilt sør på campusen. Kanskje har vi eit Science City Ullandhaug i 2040?

I dag har UiS eit godt samarbeid med IRIS, Prekubator og Ipark, og universitetet har lagt eit tungt forskingsmiljø i organelleforsking til Måltidets hus.

– Viss vi skal nå måla våre om høg kompetanse og nyskaping, må vi ha sterkare fagmiljø og forskingsklyngjer knytte til dei områda vi satsar på. Vi må tenkje større, seier Møst.

Olje og velferd
Det same meiner Kjølv Eivind Egeland.

– Ipark er i dag ein stad der forsking skal utvikle seg til næringsverksemder. Over 150 nyskapingsbedrifter er etablerte, men mange er nokså små og sårbare. Vi vil at i framtida skal større internasjonale bedrifter leggje forskingsverksemda si sør på Universitetsområdet, seier Egeland.

Kva skal det forskast på? Forskingsleiar Martin Gjelsvik dreg fram olje, fornybar energi og velferdsteknologi som viktige næringar og forskingsområde i regionen i 2029, og kanskje ti år etter òg?

– Olje og gass vil fortsetje å dominere, men så ser vi for oss at informasjonsteknologi, og særleg velferdsteknologi, vil auke kraftig i offentleg sektor. Kommunane har eit sterkt press på seg for å drive teknologiutvikling, dette vil også UiS merke, seier Gjelsvik.

Han meiner at det i framtida kjem til å trengast meir forsking og utdanning innan petroleumsfag og helse- og omsorgsfag.

Ullrigg finst!
Og om nokon skulle vere i tvil: Oddvar Skjæveland, direktør for Ullrigg bore- og brønnsenter ved IRIS, seier utan å måtte tenkje seg om:

– Ullrigg finst i 2040. Ullrigg kjem til å vere den viktigaste arenaen for utprøving av teknologi og metodar for auka utvinning i olje- og gassbrønnar. I 2040 kjem Ullrigg ikkje berre til å vere til for olje og gass, men òg for geotermisk energiutvinning, trur Skjæveland.

Han trur vidare at mykje kjem til å dreie seg om fjernstyring av robotriggar og kontrollsystem som tenkjer sjølve.

NASA
– Utviklinga av den automatiserte verksemda i oljenæringa kjem til å trekkje vekslar på samarbeid med NASA og på romfartsteknologien. Eg trur dette blir ein unik industriell plass i framtida. I dei komande åra og fram mot 2040 kjem vi til å kunne ønskje mange tunge industrielle partnarar med forskingsavdelingane sine velkomne hit, seier Skjæveland.

Og som ei første byrjing: Ikkje langt frå Ullrigg vil to nye robotiserte boreriggar sprette opp, CMR fra West Group og Seabed Rigg som begge har potensial for å bli neste generasjons Ullrigg, Ullrigg II.

Tekst: Karen Anne Okstad