MENY

Spanande seminar om Tor Obrestad

Etter debuten i 1966 har Obrestad skreve meir enn 40 bøker. Universitetet i Stavanger og Stavanger Aftenblad inviterer til seminar om forfatterskapen til Tor Obrestad 25. og 26 januar.

Tor Obrestad har ein sentral og spesiell forfattarskap med mange sider og mange slag uttrykk, meir enn 40 bøker, frå noveller og dikt, som han debuterte med i to bøker i 1966. Mest oppsikt og ordskifte vekte streikeromanane hans i 1970-åra. Alt frå starten diktar Obrestad fram kritiske, prekære situasjonar i livet til einskildpersonar og større fellesskap.

Frå tidleg i forfattarskapen markerte Obrestad seg som jærdiktar. I noveller og dikt med utgangspunkt i desse nære miljøa tematiserer diktaren så vel livsgleda som støkken av angst i eit moderne tilvære. Like tette er skildringane frå andre land og kulturar, som med "Kvinnene i Casablanca" frå 2002, der titelnovella er eit høgdepunkt. Sameleis sterk er reisedagboka "Ohrid" frå 1999, som i diktform går tett inn på eit nedkriga og krigstrøytt Balkan, som forfattaren har kjent og oppsøkt i gode og vonde tider.

Store biografiar har Obrestad skrive om Arne Garborg, Alexander Kielland og Hulda Garborg, alle med mykje nytt stoff og nytolkingar av liv og verk, "Hulda" er eit grunnleggande nybrotsarbeid både som kulturanalyse og litterær kritikk, forsking på høgt nivå. Med "Den eldste historia" i 2004 la Obrestad i samarbeid med Arkeologisk Museum fram den eldste Rogalandshistoria, basert på det nyaste i forskinga, veldokumentert og morosam populærvitskap.

Tor Obrestad starta forfattarbanen som redaktør av det namngjetne litteraturtidsskriftet "Profil" i 1960-åra, og har i fleire periodar drive med litterær kritikk i "Vinduet" og "Syn og Segn", i "Aftenposten" og "Stavanger Aftenblad". Der har han stundom slått til med kjølig avvising av oppskrøytt og ideologisk oppbyggeleg tradisjonalisme hos dei største namn i litteraturhistoria, oftare med skjønsam innsikt og forståing for det sermerkte og ekte. Det ser Obrestad òg hos mindre kjende forfattarar som har laga dikting på høgd med det beste. Når vi attåt alt dette tek med den mangsidige journalistikken, som spenner frå nærings- og arbeidsliv til miljøperler og intervju med kunstnarar og og forfattarar, blir det til saman eit stort felt til studium og forsking.

Seminaret er gratis og ope for alle. Klikk her for program.