MENY

Startar master i petroleumsteknologi i Bolivia

UiS hjelper Universidad Mayor De San Andres i Bolivia med å starte opp ein ny master i petroleumsteknologi. Det blir den fyrste masterutdanninga i dette faget i landet. No er planane for utdanninga klare.

NORAD-programmet Energi og petroleum (ENP) skal hjelpe fattige land som har olje og gass til å forvalte ressursane på ein måte som fører til varig reduksjon av fattigdom. Eit av landa programmet rettar seg mot er Bolivia. På tross av at landet er svært rikt på naturressursar som olje og gass, er det eit av dei fattigaste landa i Sør-Amerika. Institutt for petroleumsteknologi ved Universitetet i Stavanger har fått i oppdrag frå ENP å opprette ein master i petroleumsteknologi ved Universidad Mayor De San Andres (UMSA). Målet er å utdanne meir kvalifisert arbeidskraft til olje- og gassbransjen.

– Læreplanen, planane for undervisingspersonale og for utbygging av nye laboratorium er no klare. På mitt siste møte med universitetsleiinga ved det bolivianske universitetet, garanterte dei at dei kjem til å prioritere arbeidet med denne mastergraden, seier Terje Frøiland, koordinator for prosjektet ved UiS.

Læreplanen er laga etter same modell som masterstudiet i petroleumsteknologi ved Universitetet i Stavanger. UiS har fått 6 millionar kroner frå ENP for å etablere utdanninga.


– Kamp om plassane
Det fyrste kullet med 40 studentar startar opp i februar 2012.

– Dette blir det fyrste masterstudiet i petroleumsteknologi i Bolivia. Difor kjem det til å bli kamp om plassane, seier Frøiland.
Ein del av budsjettet er satt av til stipend til fattige studentar. UiS starta arbeidet med å etablere graden i 2009 og i 2014 skal Universidad Mayor De San Andres ta over.


Kontakt mellom akademia og industri
UiS deler sine erfaringar med masterutdanninga i petroleumsteknologi med Universidad Mayor De San Andres.

– I Noreg har det vore veldig positivt for akademia å ha kontakt med industri og det er noko vi formidlar. På sikt vil det vere veldig bra om det bolivianske universitetet kan etablere kontakt med internasjonal industri, seier Nestor Cardozo, som er førsteamanuensis i geologi ved UiS og har delteke i arbeidet med opprettinga av utdanninga.

Framover skal det arbeidast med å skaffe undervisingspersonale til masterutdanninga.

– Lærarane skal ha master etter europeisk standard, opplyser Frøiland.

Fleire kjem frå Bolivia for å ta master ved UiS med mål om å bli lærarar i heimlandet. Dei fyrste av desse studentane fullfører utdanninga si ved UiS sumaren 2012. Fram til det er nok lærarar med master som kan undervise i kursa, skal UiS leige inn timelærarar frå gass- og oljeindustrien i Bolivia.