MENY

Statsbudsjettet 2007: Studentar får svi for reduserte tilskot til SiS

SiS (Studentsamskipnaden i Stavanger) er nøgd med at Stavanger er definert som pressområde i statsbudsjettet, men uttrykker seg uforståande til reduserte tilskot som vil råka studentar ved UiS.

Direktør i SiS, Ellinor Svela, er svært skuffa etter å ha lest forslaget til statsbudsjett for 2007.
– For det første blir det reduserte løyvingar til studentbustader, frå 606 tilsegn gitt i år mot maks 460 i 2007. Dette rimar dårleg med dei køane til studentbustadar vi har vore vitne til i høst, seier Svela.

Studentbarnehagane råka
I tillegg er tilskotet til studentbarnehagar strøket i neste års budsjett. I 2006 vart det løyva ti millionar i driftsstøtte til studentbarnehagar, mens det i 2007 løyves kr 0,-.
– Av dei ti millionane gjekk 800 000 til SiS barnehagar. Den stønaden har gjort det mulig å ha nokre studentspesifikke tilbod i barnehagen. Under eksamen treng til dømes ikkje barn å ta med matpakke, eller om barnet er sjukt på eksamensdagen, kan vi dra heim og passe på det. Vi har eksamensbarnehage kor foreldra kan ha ungane hos oss ein periode før eksamen, seier SiS-direktøren .

Fram til no har studentane betalt 1750,- pr månad for å ha ungar i studentbarnehagar, mens den vanlege minstesatsen i samfunnet er 2250,-. Denne rabatten kan no henge i ein tynn tråd.
– No må vi sette oss ned og regne på dette. Så får vi sjå kva konsekvensar det vil få, seier Svela.

SiS-hallen nedprioritert
Det siste punktet som SiS reagerer på, er at SiS-hallen igjen blir nedprioritert i statsbudsjettet, mens det i skrivande stund realiserast eitt studentsenter med idrettsfasilitetar i Bergen som er fullfinansiert av Kunnskapsdepartementet.
– Vi har lenge jobba for å få ti millionar til SiS-hallen, på lik linje med Oslo og Tromsø som har fått statlege pengar til idrettsanlegg. I samband med budsjettet i 2005 fekk vi ein einstemmig merknad i komiteen (Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen) der dei bad regjeringa sjå til at vi fekk støtte tilsvarande Oslo og Tromsø. Men no ligg det ikkje ei krone i budsjettet. Og det er skuffande, seier Ellinor Svela.

Ein direkte konsekvens av det manglande tilskotet er at SiS ikkje kan redusere månadsbetalinga til studentane.

Men SiS har i det minste éin ting å glede seg over:

– Vi er veldig glade for at Stavanger no er definert som pressområde. Det inneber at kostnadsramma aukes med 100 000 og at vi ved framtidige tilsegn om studentbustader vil ha ein øvre ramme på kr 500 000 mot kr 400 000 i dag og tilskot på inntil kr 250 000 mot kr 200 000, seier Ellinor Svela.

Av Eivind Biering-Strand