MENY

Stor auking for UiS i Store norske leksikon

UiS sine artiklar i Store norske leksikon vart lesne 550 447 gonger i 2018. Dette er ein auke på nær 50 prosent frå året før.

Skjermbildet av Store norske leksikon UiS-historikarane Ketil Fred Hansen og Marie Smith-Solbakken er begge fagansvarlege i Store norske leksikon.

Store norske leksikon (SNL) er Noregs største nettstad for forskingsformidling og veks raskt i form av talet på artiklar og lesarar. UiS sitt bidrag til digitalleksikonet veks også år for år.

Nyleg kom årsrapporten frå Store norske leksikon til medlemsinstitusjonane. Tala frå 2018 viser at UiS har 20 fagansvarlege som har ansvar for 1523 artiklar. Desse artiklane utgjer 23 prosent fleire artiklar enn året før.

UiS har også 17 artikkelforfattarar knytt til leksikonet. Dei har til saman skrive 556 artiklar. 

Oljehistorie mest lest

Nokre artiklar blir lesne meir enn andre. Artikkelen om norsk oljehistorie har trona på toppen i fleire år. Den var ikkje mindre populær i året som gjekk, då den hadde heile 36 631 visningar.

Historieprofessor Marie Smith-Solbakken merka ein «boost» då NRK-serien Lykkeland gjekk i haust. Som artikkelforfattar syns ho dei høge lesartala er oppmuntrande.

– Det er interessant og stimulerande å nå ut med artiklar innanfor mitt fagområde til ei stor lesargruppe, seier ho.

Oljehistorikaren opplever det som eit privilegium å få skrive for Store norske leksikon og å bli redigert av dyktige redaktørar.

– Eg har lært mykje og blir stadig utfordra på korleis fagstoff kan forenklast, samtidig som det skal vere korrekt og oppdatert.

Ein annan artikkel som er mykje lesen er artikkelen om gullstempel og sølvstempel. Den er lesen 21 355 gonger og skriven av fagansvarleg Fie von Krogh, som røktar kategorien «metall- og smykkekunst» i leksikonet.

På tredjeplass av artiklar knytt til UiS som er mest lesne er Nyreligiøsitet. Den er lesen 19 606 gonger. Denne artikkelen har religionsvitar Anne Kalvig ansvar for. Professoren har ansvar for kategoriane «nyreligiøsitet» og «selvutvikling».

Dei fagansvarlege i SNL har ansvar for ulike kategoriar, men det kan vere fleire artikkelforfattarar knytt til kvar kategori. Dei fagansvarlege godkjenner andre sine artiklar og rettingar i samarbeid med SNL-redaksjonen.

Aktive formidlarar

UiS-forskarar har i året som gjekk skrive om ulike tema som kornsirkel (Anne Kalvig), spyfluer (Knut Rognes), tjukk l (Jan Kristian Hognestad), mobbing (Sigrun K. Ertesvåg) og diagnose (Geir Sverre Braut) og om byen Timbuktu (Ketil Fred Hansen) – for å nemne nokre av dei til saman 1523 artiklane som er skrivne og røkta i 2018.

Den fagansvarlege ved UiS som har vore mest aktiv i 2018 er Geir Sverre Braut, som har ei professor II-stilling ved UiS og som har ansvar for kategoriar som «helseforvaltning» og «helsevesen». Han har ansvar for 385 artiklar som er lesne 139 275 gonger det siste året.

Oljehistorikar Marie Smith-Solbakken er også særleg aktiv med 110 artiklar som er lesne 86 352 gonger, medan førsteamanuensis Jan Kristian Hognestad er fagansvarleg for kategorien fonetikk og har oversyn med 85 artiklar som er lesne 55 009 gonger.

Unik i verdssamanheng

Det digitale norske leksikonet er ein suksess, med 300 000 lesne artiklar kvar dag og to millionar brukarar i månaden. På få år har SNL vorte ein av Noregs best besøkte nettstader, med Google som viktigaste inngangsport.

SNL er det einaste nasjonalleksikonet i verda som har funne ein modell der universiteta har gått saman om å drive kollektiv forskingsformidling. Eigarstrukturen liknar den som forskning.no har hatt stor suksess med i snart 20 år.

Leksikonet får også skryt av Europaparlamentet. I 2018 publiserte EU si utredningsteneste EPRS ein rapport der dei skildrar korleis dei fleste nasjonalleksikona i europeiske land har slitt med overgangen til digital formidling.

– Rapporten trekker fram Store norske leksikon som eit godt døme på eit leksikon som har klart overgangen godt. Med universiteta som aktive bidragsytarar både med finansiering og innhald, radikal openheit rundt kven som publiserer kva og stor oppslutning i befolkninga, gjer det oss til eit slags «europameister i leksikon», ifølgje sjefredaktør Erik Bolstad som drog til Brussel på invitasjon frå Europaparlamentet for å dele suksesshistoria.

– Vi veit at høgreekstreme oppslagsverk får stor oppslutning og at den europeiske offentlegheita blir bombardert med blant anna russisk propaganda, og stadig fleire krev å få definere sine «eigne fakta». Vårt leksikon kan slik sett fungere som eit bolverk mot høgreekstremisme. Det er få land i verda som har eit så godt, tilgjengelig og mykje brukt digitalleksikon som Noreg, forklarer Bolstad.

– Vi er stolte av å dele suksessen med Universitetet i Stavanger!, legg redaktøren til. 

Les heile Årsrapporten for 2018: Formidling gjort av UiS i Store norske leksikon

Tekst og foto: Karen Anne Okstad