MENY

Stor interesse for Q-metode

Det tre dagar lange seminaret om forskingsmetoden Q-methodology ved UiS i forrige veke var fulltegna. Under sitt besøk på UiS fekk professor Steven Brown, verdas fremste på metoden, presentert fleire praktiske døme for interesserte tilhøyrarar.

Professor Steven Brown frå Kent State University i Ohio, USA viste korleis Q-metoden, ein forskingsmetode som kombinerer kvalitative og kvantitative aspekt, kunne brukast i ulike forskingsprosjekt. Det var Arlene Arstad Thorsen og Ingunn Størksen frå Senter for åtferdsforsking ved UiS som arrangerte seminaret.

- Interessa har vore stor. Deltakarane kom både frå ulike avdelingar ved UiS og frå andre institusjonar som UiT, UiO, NTNU, helseinstitusjonar og bedrifter, fortel dei.

Utprøving av metoden
Under seminaret føreleste professor Brown om metoden og tenkinga som ligg bak, i tillegg til å vise ulike områder som metoden kan brukast på og PQMethod programvare. Ein Q-studie blei gjort blant deltakarane og resultata blei analyserte og gjennomgått.

Deltakarane fekk sjølv bruke programmet den siste dagen under seminaret, med innlegging av data, ulike analysemoglegheiter, samt tolking av resultat.

Eige nettverk
- Etter seminaret var det fleire deltakarar som sa dei ville bruke Q-metode i sine studier og fleire ytra ønskje om å etablere eit nettverk knytt til forskingsmetoden på tvers av avdelingar ved UiS. Det vil vi følgje opp, seier Thorsen og Størksen, som legg til at eit artig innslag i anledning seminaret var Q-meieriene si sponsing av arrangementet.

Les meir om Q-metoden!