MENY

Støtte til Scandinavian Journal of Hospitality and Tourism

Tidsskriftet Scandinavian Journal of Hospitality and Tourism har fått støtte frå Nordisk publiceringsnævn for humanistiske og samfundsvidenskabelige tidsskrifter (NOP-HS). Publikasjonsstøtta blir delt ut etter strenge krav.

Scandinavian Journal of Hospitality and Tourism blei starta av fagfolk ved Norsk Hotellhøgskole i 2001 med middel frå Høgskolens universitetsfond. I dag er det eit skandinavisk samarbeidsprosjekt.

Tidsskriftet blir gitt ut på det anerkjente engelske forlaget Routledge i eit opplag på 300 eksemplar med fire nummer årleg.

Professor Reidar J. Mykletun ved Norsk Hotellhøgskole og forskingsleiar Jan Vidar Haukeland ved Transportøkonomisk institutt er sjefsredaktørar, og Trude Furunes ved NHS-IØL er tidsskriftets redaksjonssjef.

Mykletun er glad for støtta frå Nordisk publiceringsnævn for humanistiske og samfundsvidenskabelige tidsskrifter, som representerer eit samarbeidsorgan for dei forskingsråda i Danmark, Finland, Island, Norge og Sverige, som har ansvar for humanistisk og samfunnsvitskapleg forsking. 

- Støtta representerer ei viktig anerkjenning av tidsskriftets relevans, aktualitet og vitskaplege kvalitet. Det er også ein hyllest til Universitetet i Stavanger som har våga satse på tidsskriftet, seier Reidar Mykletun, som er takksam for støtta dei no får til produksjonskostnadene.

Les meir om Scandinavian Journal of Hospitality and Tourism