MENY

Student fekk ein million for å utvikle treningsgevinst-app

Masterstudent Blend Adnan fekk ein million til utvikling av eit tracking-system for styrketrening på treningssenter.

Ung mann tester styrketreningsapparat. Masterstudent Blend Adnan ønskjer å lage ei løysing som skal gjere det meir motiverande å ta ei styrketreningsøkt.

Masterstudent Blend Adnan (27) fekk prosjektstøtte til ein forretningsidé om ein app som skal gjere det lett å følgje med på treningsgevinsten mens du trener.

– Med STUD-ENT-millionen får eg moglegheit til å arbeidet med dette i eit heilt år. Moglegheita for å lykkast vart brått ein smule høgare, seier ein stornøgd Adnan som straks han er ferdig med masteren denne våren, skal gå i gang med å teste ut eigne gründer- og entreprenørskapsevner.

Målet er å lage eit tracke-system som enkelt kan integrerast og installerast både på treningssenteret og rehabiliteringssenteret.

UiS støttar opp om entreprenørskap

– Vi er veldig stolte av at Blend lykkast med å få midlar for vidareutvikling av Woitech, fortel Minnah Haniffa, rådgjevar i Innovasjonsavdelinga ved UiS.

Ho påpeiker at universitetet har ordningar som støttar opp under innovasjon og nyskaping og at LevelUp, universitetets eige tilbod til studentar som ønskjer å drive eigen verksemd, har støtta Blend i søknadsprosessen. Det same har innovasjonsselskapet Validé. 

– UiS jobbar for at entreprenørskap skal vere ein reell karriereveg for studentane. Kvart år held LevelUp saman med Forskingsrådet ein workshop i forkant av utlysinga slik at vi sikrar oss kvalifiserte søkarar. Desse workshopane er viktige for å førebu studentane. I år var det 20 av 45 søkarar som til slutt lykkast med å få midlar frå Forskingsrådet. Veldig kjekt at Blend var ein av dei, seier Haniffa.

Set informasjon i system

Ifølgje Adnan er det slik at når ein i dag skal gjennomføre ei styrketreningsøkt er det vanskeleg å vete kva innsats ein skal leggje inn for å auke progresjonen i styrketreninga. Og det er vanskeleg å vete eksakt kva ein kan gjere for å forbetre og auke kvaliteten i styrketreningsøkta.

– Det blir i dag laga og brukt manuelle, papirbaserte treningsplanar for planlegging, gjennomføring og loggføring av treningsøkta, eller manuell dataføring ved hjelp av appar og nettsider. Dette er eit problem fordi datagrunnlaget vanskeleg lar seg sette i system slik at du kan trekke ut innsikt som gjer at du forbetrar treninga di, forklarer Adnan.

Adnan har ein idé om at han kan løyse dette ved å digitalisere, automatisere og visualisere treningsplanane og progresjonen for kvar enkelt brukar i sann tid. 

– Ved å montere elektroniske sensorar på treningsapparata og på frivektområde i treningssentera, kan vi lagre informasjon om treninga i skya i sanntid, slik at utøvarane får informasjon om korleis treninga fungerer samstundes som dei trener.  

Lagar pilot saman med kunde

Adnan sin plan vidare er å gå frå ein heimelaga dings til ein prototype som kan testast. Adnan kjem truleg til å ta i bruk HelseCampus Stavanger for å teste og simulere teknologien.

Gründeren har allereie ein kunde som ønskjer å vere med å teste ut konseptet. 

– No skal vi lage ein pilot som «tracker» trening på maskinar og frivekter.

Adnan har stor tru på konseptet og peiker på at interessa for tracking av trening er stor. Smartklokker og pulsbelte, såkalla wearables, har teke heilt av i marknaden med 300 millionar selde einingar.

– No for tida trener både unge og gamle, nybegynnarar og spesielt interesserte, med wearebles fordi det aukar motivasjonen og progresjonen ved at dei får tilbakemelding på eiga innsats med kardio-trening mens dei trener.  For styrketrening derimot, finst det ikkje nokre gode løysingar, forklarer Adnan som nyleg har teke ein mastergrad i industriell teknologi og leiing med spesialisering innan teknologi, entreprenørskap og innovasjon.

Motivert av verdiskaping

Adnan blir motivert av at appen som han utviklar kan hjelpe mange menneskjer til å oppnå eigne mål om å forbetre helsa si.

Han blir også motivert av å skape noko nytt som samfunnet treng: Masteroppgåva hans handla nettopp om korleis ein kan gå frå eit problem til ei løysing på problemet og så vidare til kommersialisering av løysinga. Drivet førde han gjennom nålauge hos Forskingsrådet.

– Støtta frå Forskingsrådet er særs viktig for å realisere ideen og få Woitech ut i større skala. Med støtta når vi målet om å kommersialisere produktet raskare.

Tekst: Karen Anne Okstad

Ung mann monterer elektronikk

Ved å montere elektroniske sensorar på treningsapparata skal Adnan lagre informasjon om treninga i skya i sanntid.