MENY

Student laga utstilling

KRL-student Tove Tordsson har vore på tre studieturar til Egypt og Israel. Resultatet vart ei utstilling av foto og måleri på Hagbard Lines hus.

Tordsson er avgangsstudent på bachelor i Kristendom, religion og livssynsfag (KRL) denne våren. Kvart år har ho vore med på studietur til Egypt og Israel.
– Det er kjekke turar, kor ein får med seg alle dei store, heilage stadene. Kvar tur er unik og det einaste eg saknar, er at det ikkje er tid til å oppleva naturen, seier Tordsson.

Drøymer
Ho fekk ideen til ei fotoutstilling i fjor, då gruppa snakka med ein israelsk student i Bethlehem. Han sa: ”Folk her kan ikkje drøyme, dei har nok med å overleva.”
– Her i Noreg kan vi drøyme, og det må vi utnytta, seier Tove Tordsson. Resultatet kan du sjå i foajeen på Hagbard Lines hus.
Studieturane til Midtausten er populære blant studentane. Sjå video frå ein av turane her.