MENY

Studentbustadene med panoramautsikt har opna

Studentane som flytta inn i SiS sine splitter nye studentbustadar ved Strømsteinen i Stavanger sentrum 12. oktober, vart mektig imponerte over både høg standard og god utsikt.

- Dette var kjekt. Klinisk kvitt, lyst og fint. Eg er tykkjer det er særs god standard her, seier Øystein Krokstrand, ein av studentane som nettopp har opna døra til sitt nye rom på Strømsteinen studentbustad.
- Eg er glad eg fekk bustad her, ettersom det er så sentralt og nære havet. Og det verkar å være eit trivelig miljø, seier nordlendingen, som har budd i Stavanger eitt år frå før av.

Samarbeidsprosjekt
SiS sine studentbustadar ved Strømsteinen er ein del av eit større bustadprosjekt som består av tre blokker med sjølveigarleilegheiter, kor SiS har kjøpt delar av den eine blokka. Studentane disponerer 24 hyblar på 13 kvm med eget bad, ein hybelleilegheit på 20 kvm og sju parleilegheiter på 35 kvm. SiS har samarbeidd med Hetland Bustadbyggjelag om prosjektet, som har teke to år å byggje og har ein prislapp på om lag 13,5 millionar kroner. Alle bustadene er no utleigd.

- Det beste vi har bygd
Direktør i SiS, Ellinor Svela og leiar i SiS Bustad, Øyvind Lorentzen, var begge med på opninga av bustadene og var i likskap med studentane særs nøgd med resultatet.
- Eg tykkjer det er heilt utruleg det vi har fått til her på Strømsteinen i samarbeidet med Hetland Bustadbyggjelag. Det er dei beste studentbustadene vi har bygd, seier Lorentzen.
- Det er første gongen SiS mogleggjer studentbustader i andre prosjekt, og det gjer vi gjerne igjen, legg Ellinor Svela til.

”Årets prosjekt”
Hetland Bustadbyggjelag er så nøgd med resultatet at dei let prosjektet delta i kåringa av årets prosjekt i Norske Bustadbyggjelag sin årlege konkurranse i 2007
- Det er eit samansatt prosjekt som har stor kvalitet. Lokaliseringa er unik, det er sentralt i forhold til turområde, har gode uteopphaldsareal og ei fantastisk maritim utsikt. Og ikkje minst byggjer prosjektet bru mellom det nye og gamle i området, skryt Sigurd Sivertsen i Hetland Bustadbyggjelag.

SiS har og eit nytt bustadprosjekt under planlegging. Det skal liggje på campus på Misjonshøgskolen i Stavanger, og inngår i Norwegian Wood, et prosjekt i Stavanger 2008.

Av Eivind Biering-Strand