MENY

Styremøte 13. juni 2019

Torsdag 13. juni er det styremøte ved Universitetet i Stavanger. På dagsordenen står mellom anna arbeidet med å legge til rette for medisinutdanning ved UiS og søkartal 2019.

Styremøtet 13. juni er det siste møtet før sommaren. 

Studentmobilitet

På sakslista står også blant anna studentmobilitet, forskingsbasert innovasjon og TTO-verksemd i 2018 og førebels budsjettfordeling for 2020.

Kreeringar til doktor

19 nye kandidatar har forsvart sine avhandlingar ved UiS og blir kreert til philosophiae doctor på styremøtet.

Dei 19 er Veslemøy Guise, Geir Arne Sunde, Heidi B. Bringsvor, Paschal Francis Mdoe, Martha Therese Gjestsen, Espen Fevang, Kine Gjesdal, Lukasz Andrzej Derdowski, Kjersti Berge Evensen, May Irene Furenes, Marie Røyksund, Rockey Abhishek, Kjartan Bjørnsen, Andika Rachman, Songpu Ai, Mohan Sharma, Erlendur Ingi Jonsson, Ole Jone Eide og Per Einar Sæbbe. 

Strømming og sakspapir

Styremøtet startar klokka 10.00 og finn stad i styrerommet i Arne Rettedals hus.

Her finn du sakspapira til møtet.

Styremøtet blir også sendt direkte på internett. Du kan sjå sendinga her

Tekst: Elin Nyberg

Styrerom

Møtet finn stad i styrerommet i Arne Rettedals hus.