MENY

Styremøte 7. februar

På styremøtet torsdag 7. februar som går føre seg på Sola strandhotell, skal styret mellom anna behandla justeringar av UiS sin organisasjons- og leiingsmodell.

I fjor vedtok styret ein ny organisasjons- og leiingsmodell under den nye ordninga med tilsett rektor. Ei arbeidsgruppe vart ved årsskifte 2017/2018 nedsett for å utarbeida ulike alternativ til ny modell. Styret vedtok modell 2 med to prorektorar – ein prorektor for utdanning og ein prorektor for forsking og innovasjon, samt ein direktør for organisasjon og infrastruktur.

Styret opna opp for at denne modellen kunne bli justert i tråd med den nye rektoren sine ønskjer.

No har den påtroppande rektor Klaus Mohn gjeve ei anbefaling som er i tråd med arbeidsgruppa si anbefaling om å velja modell 3 – ein modell med tre prorektorar, for høvesvis forsking, utdanning og innovasjon og samfunn, i tillegg til ein direktør for organisasjon og infrastruktur.

Forslaget til vedtak er at styret går for modell 3 som framtidig organisasjons- og leiingsmodell under tilsett rektor.

Av andre saker som skal opp i styret er framlegging av forslag til utlysingstekstar med stillingsbeskrivingar for kunngjering av prorektorane sine åremålsstillingar.

Ei rekkje andre tilsettingssaker ligg også på bordet, i tillegg til endeleg fordeling av statleg finansiering for 2019.

Les meir om sakene som skal opp til handsaming

Tekst: Karen Anne Okstad

Sola Strandhotell

Sola Strandhotell