MENY

Svært nøgde med UiS

Ei ny undersøking gjort ved Universitetet i Stavanger viser at 90 prosent av dei internasjonale studentane er svært nøgde eller nøgde med opphaldet sitt ved Universitetet i Stavanger. 93 prosent tilrår andre å ta eit studium ved UiS. Modi Amitkumar frå India og Gokhan Gok frå Tyrkia er to av dei.

Konklusjonen til studentundersøkinga der dei nye internasjonale studentane som kom hausten 2008 vart intervjua, viser at Universitetet i Stavanger trygt kan satse vidare på å få fleire internasjonale studentar. Undersøkinga viser at 90 prosent av studentane er svært nøgde eller nøgde med opphaldet sitt.

– Vi er svært glade for desse positive resultata som viser at studentane er nøgde både med mottakarapparatet og det faglege tilbodet vi har, fortel seniorkonsulent for internasjonale relasjonar Karen Elisabeth Ohm Heskja.

Formålet med undersøkinga var å kartleggje tilfredsheita hos studentane før og etter dei kom til Ullandhaug hausten 2008. Det var 216 studentar som mottok e-post, og svarprosenten låg på 63 prosent.

Tilrår UiS
Heile 93 prosent av dei utanlandske studentane fortel at dei vil tilrå andre å studere på Universitetet i Stavanger. Ingen studentar frårådar nokon å gå her.

– Dette er ei undersøking som er gull verdt for oss. Den fortel oss at dei som har teke eit studium her, vil tilrå andre til å gjere det same. Dei internasjonale studentane er gode ambassadørar for universitetet vårt. Dei kan rekruttere nye studentar, og slik kan vi tiltekke oss nye nettverk og forskingsprosjekt, seier Ohm Heskja som legg til at det å ha rykte på seg som eit godt universitet er viktig for å nå opp i konkurransen om studentane.

Undersøkinga viser vidare at den viktigaste kanalen for å få kjennskap til Universitetet i Stavanger er heimeuniversitetet, internett og vener. Desse tre kanalane tel omtrent like mykje.

– I tillegg til dei etablerte avtalane vi har med andre universitet, er det heilt klart gjennom tilråding og internett vi rekrutterer nye internasjonale studentar. Det viser at vi har eit stort potensial når det gjeld å marknadsføre oss via nettet gjennom gode engelske nettsider, forklarer Ohm Heskja.

Valde UiS via internett
Gokhan Gok frå Tyrkia og Modi Amitkumar frå India kom begge til Stavanger hausten 2008. Gok er no halvvegs i norskkurset sitt. Han tek til med ein Master i økonomi og administrasjon neste år.

– Sidan dette var eit ungt universitet, var eg ikkje sikker på om det var så lurt å studere her, men alt fungerer veldig bra og eg likar norskundervisninga mi særs godt, seier Gok som tilrår sine vener å studere her.

Amitkumar tok ein bachelor i Danmark, og tek no ein Master i internasjonal hotell- og reiselivsledelse. Han fant fram til UiS via internett og synes universitetet og undervisninga er heilt topp, sjølv om han gjerne skulle hatt meir praksis.

Han trekk òg fram som positivt at verken byen eller universitetet er så stort at ein blir forvirra.

Integrering ei utfordring
Universitetet i Stavanger har i dag om lag 250 internasjonale studentar dette semesteret, og universitetet har som mål å auke talet.

– Vi ser ein stor auking av utanlandske studentar som søkjer seg hit. Det er gledeleg. Vi har satt oss ambisiøse mål om at 10 prosent av studentmassen skal vere utanlandske studentar i 2020. Vi meiner at universitetet blir rikare med fleire internasjonale studentar. Dei kjem hit med ein annan bakgrunn og kan gje oss ny kunnskap og erfaringar, forklarer Heskja.

Men ho legg til at skal universitetet auke talet på internasjonale studentar, må bustadsituasjonen bli betre.

– Vi har store utfordringar no framover for å etablere nok studentbustader. Slik bustadsituasjonen er no, er det ikkje tilrådeleg å auke talet på utanlandske studentar, seier Heskja.

Ein ønskja òg gjennom undersøkinga å sjå på i kva grad dei internasjonale studentane opplevde å bli integrert med dei norske. 37 prosent svarar at dei er svært nøgde eller nøgde, mens 60 prosent svarar at dei er likegyldige, misnøgde eller svært misnøgde.

– Vi har eit forbetringspotensial når det gjeld integrering med dei norske studentane og må i framtida ha meir fokus på dette. Vi må klare å formidle til dei studentane som er frå Rogaland og Noreg, at dei utanlandske studentane er ein unik ressurs med tanke på det å erverve seg nye erfaringar og eit rikt nettverk. Dei internasjonale studentane er med på å gjere læringsmiljøet betre og rikare, seier Heskja.

Amitkumar har budd i USA og Danmark før han kom til Noreg. Han synes ikkje det er lett å kome i kontakt med dei norske studentane.

– I andre land som til dømes USA snakkar alle med alle, her er folk meir reserverte. Dei snakkar ikkje med deg før du byrjar å snakke med dei. Her har universitetet ei utfordring når det gjeld å etablere arenaer og arrangement der norske og utanlandske studentar kan møtast, meiner Amitkumar som er medlem av både International Students' Union og StOr og altså ein av dei utanlandske studentane som har vald å engasjere seg utanfor studiane.

Det var Internasjonale relasjonar (IR) og Strategi- og kommunikasjonsavdelinga (SKA) ved Universitetet i Stavanger som gjennomførte undersøkinga.