MENY

Tilbygg til Hulda Garborgs hus innvigd

Onsdag 13. februar vart tilbygget til Hulda Garborgs hus innvigd. Bygget vil gi etterlengta meir plass til Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora.

  • Tilbygget til Hulda Garborgs hus endar i ein spiss.
    Tilbygget til Hulda Garborgs hus endar i ein spiss. (Foto: Elin Nyberg, UiS)
  • Hulda-Garborg-spiss.jpg (rw_largeArt_1201).jpg
    Tilbygget til Hulda Garborgs hus endar i ein spiss. (Foto: Siri Jeanette Pedersen, UiS)
  • Hulda-Garborg-UK-studenter.jpg (rw_largeArt_1201).jpg
    Studentar frå Fakultet for utøvande kunstfag spelte på opninga. (Foto: Siri Jeanette Pedersen, UiS)
  • Hulda-Garborg-glasstak.jpg (rw_largeArt_1201).jpg
    Tilbygget går opp i ein glaskuppel. (Foto: Siri Jeanette Pedersen, UiS)
  • Hulda-Garborg-inngangsparti.jpg (rw_largeArt_1201).jpg
    Innganga til det nye bygget ligg delvis under andre etasje. (Foto: Siri Jeanette Pedersen, UiS)
  • Hulda-Garborg--trapp.jpg (rw_smallArt_1201).jpg
    Trappa mellom første og andre etasje. (Foto: Siri Jeanette Pedersen, UiS)
  • Hullda-Garborg---kunst.jpg (rw_largeArt_1201).jpg
    Fotokunsten av Line Bøhmer Løkken er inspirert av Hulda Garborg sit liv og virke. (Foto: Elin Nyberg, UiS)
  • Hulda-Garborg-tredje-etasje.jpg (rw_largeArt_1201).jpg
    Trappa og trappeavsats i tredje etasje. (Foto: Siri Jeanette Pedersen, UiS)
  • Hulda-Garborg-arbeidsrom.jpg (rw_largeArt_1201).jpg
    Eit av grupperomma i tilbygget til Hulda Garborgs hus. (Foto: Siri Jeanette Pedersen, UIS)

Med nøkkelseremoni, musikalsk innslag ved studentar frå Fakultet for utøvande kunstfag, omvising og ei rekke gjestar, vart bygget innvigd i strålande solskin.

Sidan bygget er eit passivhus er det gjennomgåande miljøvennlege material i huset.

–  Stor betydning

Dekan Elaine Munthe ved Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora trekte fram den store betydninga tilbygget vil ha for fakultetet då ho talte på opninga.

Munthe viste til moglegheitene romma og etasjane i bygget gir arbeidsmiljøet og det pedagogiske arbeidet ved fakultetet.

Fleksibelt inventar

I første etasje er det tre undervisningsrom med fleksibelt inventar som eignar seg for varierte og studentaktive undervisningsformer.

Andre etasje inneheld 26 cellekontor og eit stort opphaldsrom for tilsette.

Tredje etasje byr på ope landskap der alle doktorgradsstudentane frå Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora, med unntak av dei frå Lesesenteret, skal sitte. Her er det òg ein stor takterrasse.

Både i andre og tredje etasje fins det fleire grupperom med skjermar.

Hulda Garborg

Hulda Garborgs hus har namn etter forfattaren, samfunnsdebattanten, folkeopplysaren, nasjonsbyggaren, kvinnesakspioneren, teatergrunnleggaren og målsaksforkjemparen Hulda Garborg.

Utsmykkinga i tilbygget er fotokunst av Line Bøhmer Løkken, og alle bileta tar utgangspunkt i livet og arbeidet til Hulda Garborg.

Tilbygget er teikna av KAP kontor for arkitektur og plan i Stavanger.

I form visar bygget ein klar likskap med det andre bygget på campus som har namn etter ein pioner innan kvinnesak og kvinners rettar; SV- og økonomibygget Elise Ottesen Jensens hus.

–   Campus i rivande utvikling

Dette poenget trekte rektor ved Universitetet i Stavanger, Marit Boyesen, fram i sin tale:

–  Begge desse bygga endar i ein djerv og optimistisk spiss. Ein spiss som peiker framover – mot den framtida vi forskar for, utdannar oss til og arbeider for, sa Boyesen.

Boyesen trekte òg fram at tilbygget til Hulda Garborgs hus er det siste tilskotet til ein campus i rivande utvikling.

Tekst: Elin Nyberg