MENY

To nye innovasjonsprosjekt ved UiS

Senter for innovasjonsforsking ved UiS er med i to nye prosjekt i regi av Forskingsrådet. I prosjekta skal forskarar frå UiS og IRIS sjå nærare på korleis regional innovasjonspolitikk bidreg til innovasjon og kva for effekt Forskingsrådet sitt VRI-program har hatt.

I det eine prosjektet er IRIS prosjekteigar og UiS-professor Bjørn T. Asheim ved Senter for innovasjonsforsking ved UiS er prosjektleiar. Dette prosjektet er eit synteseprosjekt som skal sjå på kva rolle VRI-programmet (Virkemiddel for regional FoU og innovasjon) har hatt på utviklinga av regionale innovasjonssystem.

Synteseprosjektet har tittelen «Exploring the role of VRI in regional innovation system formation and new path development» og vil vare i tre år frå 1. januar 2014. Forskingsrådet vil finansiere prosjektet med om lag åtte millionar kroner.

Partnarane i synteseprosjektet er Universitetet i Agder (UiA), Høgskolen i Bergen (HiB), Universitetet i Tromsø (UiT) og Nordisk institutt for studiar av innovasjon, forsking og utdanning (NIFU).  

Innovasjonspolitikk
Det andre prosjektet tar for seg regional innovasjonspolitikk og har tittelen «Path development in different regional settings. Regional policy approaches in the global economy». Prosjekteigar er Agderforsking, medan IRIS er med som ein av partnarane og der forskarar ved UiS også deltek.

Dei andre partnarane i prosjektet er UiA, HiB, UiB, Norut Alta og UiT. Forskarane skal mellom anna sjå nærare på korleis utvikling og innovasjon skjer i dei fire fylka som partnarane representerer; Agder, Rogaland, Hordaland og Finnmark. Regionsvis skal desse partnarane leie kvar sin del av forskingsarbeidet.

Prosjektet vil gå i tre år frå 1. januar 2014 og skal etter planen finansierast med 12 millionar kroner frå Forskingsrådet og tilsvarande sum frå fylka som er representerte.

Kunnskapsflyt i bedrifter
I dette prosjektet skal professor Rune Dahl Fitjar ved Senter for innovasjonsforsking ved UiS leie arbeidet med å sjå nærare på kunnskapsflyt på ulike nivå i og mellom bedrifter og korleis medarbeidarar i bedrifter er innovative.

– Vi skal mellom anna forske på korleis firma kombinerer interne og eksterne kjelder til kunnskap i sine innovasjonsprosessar. Og vi skal sjå på korleis tilsette sine idear og evner blir tatt med i innovasjonsaktivitetar, fortel Fitjar, som gler seg til å kome i gang med prosjekta.

Les meir om prosjekta her 

Les også:
Utfordringer i fokus på årets VRI-storsamling 
Rune Dahl Fitjar yngste UiS-professor
Bjørn T. Asheim ny professor ved UiS

Rogaland markert i rødt på kart over Noreg (Illustrasjonsfoto: Wikimedia Commons/Bgabel)

REGIONAR UNDER LUPA: Forskarar skal no leggje utvikling og innovasjon i Agder, Rogaland, Hordaland og Finnmark under lupa. (Illustrasjonsfoto: Wikimedia Commons/Bgabel)