MENY

To realfagsstudium i eitt

Dei to studentane Ida Maria Ous og Jofrid Hetland Johnsen har valt å ta master i realfag ved UiS. – Det beste er at vi får to studium i eitt. Vi kan både jobbe som realfagslærar i vidaregåande skule og som ingeniør i næringsliv eller industri, seier Ous.

Masteren i realfag er eit femårig lærarutdanningsprogram som også gir etterspurt kompetanse innanfor næringsliv og industri. Utdanninga gir undervisningskompetanse i to realfag i tillegg til kompetanse i teknologi. Eit av studieløpa gir ei ingeniørgrad i løpet av dei tre første åra.

Matematikk er lagt inn som hovudfaget på studiet. I tillegg må studentane ta 60 studiepoeng i anten fysikk eller kjemi slik at det blir undervisningskompetanse i to realfag. Det humanistiske fakultet har ansvar for den praktisk-pedagogiske utdanninga (PPU).

Trygt val for framtida
- Då vi høyrte at studiet var under planlegging fekk vi lyst å ta det. Også passa det bra med at vi ville studere i Stavanger, fortel Ous.

- Studiet gir ei spesialisering innan læraryrket på vidaregåande trinn samtidig som det også gjer det mogleg å søkje jobb i næringsliv og industri. Det kan vere bra å kunne veksle mellom dei ulike yrka etter kvart som vi blir eldre, seier Johnsen.

- Utdanninga er jo etterspurt, så det skal gå greitt å få jobb. Det trengst jo mange realfagslærarar i skulen i åra som kjem, seier Ous.

Skreddarsydd utdanning
Jan Hempel i Opplæringsavdelinga i Rogaland fylkeskommune har vore med i utforminga av masteren. Han fortel at det er bra med eit så skreddarsydd studium.

- Etterspurnaden etter realfagslærarar med hovudfag eller master er aukande ettersom eldre realistar er på veg over til pensjonistane sine rekkjer, seier han og held fram:

- Studiet er så skreddarsydd som det bør vere, med matematikk og fysikk eller kjemi. Den teknologiske delen er også viktig sidan det i vidaregåande skule etter Kunnskapsløftet, er komen inn eit nytt fag som heiter Teknologi og forskingslære i Vg2 og Vg3.

Ved UiS kan du også utdanne deg til realfagslærar i grunnskulen. Grunnskulens matematikkfag er eit masterstudium kor du får solid kompetanse i matematikk og matematikkdidaktikk. For å ta masteren må du ha fullført minst tre av dei første åra av den fire-årige allmennlærarutdanninga med totalt 90 studiepoeng matematikk i fagkretsen.

Meir om oppstarten av master i realfag
Meir om master i realfag med teknologi
Meir om master i grunnskulens matematikkfag