MENY

Tre UiS-forskarar på NRK

Førsteamanuensis Ketil Knutsen ved Universitetet i Stavanger er første mann ut i ein ny tv-serie med standupforskning på NRK2. Per Dahl og Tor Yttredal skal også på skjermen.

Knutsen, som arbeider ved Institutt for kultur- og språkvitskap på Universitetet i Stavanger, skal snakka om bruk og misbruk av historie i politisk retorikk, med eksempel frå blant anna konfliktane i Georgia og på Balkan.
Standupforsking er ein populær, ny form for forskingsformidling. Det går ut på at ein forskar står opp og held eit poengtert føredrag om eit vitskapeleg tema i løpet av eit kvarter. Hjelpemidla er sjeldan meir enn ein mikrofon. Det første arrangementet i sitt slag i Noreg skjedde under Forskingsdagane på kafeen Sting Nere i Stavanger.

Klassisk og jazz
Programmet sendes på NRK2 laurdag 16. mai kl 16.30. Dette er første program i ein ny serie på Kunnskapskanalen, som er eit samarbeid mellom universitet og høgskuler om kunnskapsformidling. Serien er produsert av NettOp, UiS si eining for nettbasert opplæring.
Dei to påfølgande vekene er det Per Dahl og Tor Yttredal si tur, begge frå Institutt for musikk og dans. Dahls standup handla om den franske komponisten Olivier Messiaen, som blant anna var inspirert av fuglelydar. Yttredals tema var improvisasjon i jazzmusikk.

Sjå dei tre filmklippa her:
Ketil Knutsen om politisk retorikk
Per Dahl om Olivier Messiaen
Tor Yttredal om improvisasjon i jazz

Her er to andre innslag frå Forskingsdagane 2008:
Håvard Søyland, Stavanger universitetssjukehus, om brystkreft
Knut Holter, Misjonshøgskolen: Hvilket språk snakker Gud?

For øvrig fortsetter suksessen med standupforskning under Forskingsdagane i september. Også desse førestillingane kjem til å bli filma.