MENY

Truls Engstrøm blir instituttleiar

Styret ved Universitetet i Stavanger vedtok i går å tilsette Truls Engstrøm som leiar av Norsk hotellhøgskole frå 1. juli.

Engstrøm (40) er i dag førsteamanuensis ved Norsk hotellhøgskole - institutt for økonomi og leiing. Frå 1. juli blir denne eininga delt opp i to separate institutt.
Truls Engstrøm har vært tilsett ved Universitetet i Stavanger sidan 1997. Sidan 2006 har han vært førsteamanuensis i serviceleiing, og er no studiekoordinator for NHS-faga. Truls Engstrøm har publisert ei rekkkje forskingsartiklar og leier forskingsprosjektet "Tourism Yield of Norway", som er finansiert av Noregs forskingsråd.