MENY

UiS-bidrag på lærarkonferanse

I samarbeid med Norges forskningsråd arrangerer Fylkesmannen i Rogaland ei konferanse om lærarkompetanse og kvalitet i grunnskolen i Stavanger, fredag 12. november.

Utgangspunktet for konferansen er to nyleg avslutta forskingsprosjekt om kvalitet i utdanning og undervisning. Dette er samarbeidsprosjekt som forskarar frå Universitetet i Stavanger har delteke i. I samband med dette held og frå Institutt for allemennlærarutdanning og spesialpedagogikk innlegg.

Prosjektet Nyutdannende læreres mestring av yrket”(NYMY) har mellom anna studert nyutdanna sitt møte med yrket.

Prosjektet Kvalitet i opplæringa – om tilpassa opplæring har studert korleis kommunar, skoler og lærarar arbeider for å utvikle kvaliteten på opplæringa i grunnskolen.

Forutan UiS, har Høgskolen i Volda og Høgskolen i Oslo delteke i prosjekta.

Konferansen, som blir arrangert på Radisson Blu Atlantic Hotel, er retta mot skoleeigarar, PPT, rektorar, inspektørar og lærarar.

Sjå meir informasjon om påmelding og program