MENY

UiS deltek i kulturutvekslingsprogram

Institutt for musikk og dans ved Universitetet i Stavanger har drive kulturutveksling med Tanzania sidan 1998. No er nye avtaler verdt tolv millionar kroner signert.

Utvekslingsprosjektet har tre hovudsamarbeidspartnarar. Desse er UiS, Stavanger kommune gjennom Stavanger kulturskule og Bagamoyo College of Arts (BCA) i Tanzania. Leiarar, studentar og lærarar tek del i prosjektet både på norsk og tanzaniansk side.

- Målet for samarbeidsprosjektet er å få innsikt i og gjensidig forståing for kvarandre sin kultur, seier instituttleiar Jens T. Larsen ved Institutt for musikk og dans.

- Dette er ei fortsetjing og ei utviding av eit eksisterande prosjekt og det blir berre meir og meir kjekt. Vi blir stadig betre kjent med kvarandre, kommunikasjonen går lettare og vi ser resultat av arbeidet, seier Dag Jostein Nordaker, styreleiar for prosjektet og universitetslektor ved Institutt for musikk og dans.

Tre kontraktar
NOTA-prosjektet omfattar kunstnariske fellesprosjekt, kompetansebygging, undervisning, utveksling og forsking. Det har dermed både eit pedagogisk og eit kunstnarisk aspekt.

I januar møttest det internasjonale styret for NOTA i Tanzania for å signere kontrakt med tre støttespelarar.

Den kongelege norske ambassade i Dar es Salaam i Tanzania medverkar med 7,5 millionar kroner dei neste fem åra for å heve kompetansen ved BCA og støtte utvekslinga av personar.

Senter for Internasjonalt Universitetssamarbeid yter 2,1 millionar kroner dei neste tre åra. Også desse middela vil bli brukt til kompetanseheving ved BCA ved at tre tidlegare studentar tek ein bachelorgrad i dans ved UiS. Studentane vil deretter undervise ved BCA.

Fredskorpset medverkar med 2,5 millionar kroner for det komande skuleåret. Tre lærarar frå Noreg skal jobbe i Bagamoyo og undervise i høvesvis musikk, dans og drama. Vidare vil tre lærarar frå Tanzania undervise ved Stavanger kulturskule og Universitetet i Stavanger.

- Gjennom prosjekta får vi innsikt i ein annan kultur. Vi blir kjent med den tradisjonelle musikken og dansen i Tanzania og får innblikk i korleis folk tenker om utøving av musikk og dans og kva for ein stilling dette har i kulturen, seier Jens T. Larsen.

Frå bistand til samarbeid
NOTA-prosjektet starta som eit bistandsprosjekt i 1998, men har gjennom åra utvikla seg til å bli eit samarbeidsprosjekt mellom dei tre institusjonane. Arbeidstittel på prosjektet er ”Give and take for everybody’s benefit”.

- NOTA blir meir og meir eit reelt samarbeidsprosjekt og er ikkje lenger eit bistandsprosjekt, stadfester styreleiar Dag Jostein Nordaker.

- Norske studentar som dreg på utveksling rapporterer om ei fornya glede av å utøve kunst etter å ha vore i Tanzania. Vi har kanskje mista noko her i Noreg. Studentane opplever i alle fall ei glede av kunst og kultur som er svært forfriskande, fortel Nordaker.